Ole Tronrud

Norsk handelsmann

Ole Olsson Tronrud (22. august 18564. mars 1936) var ein norsk landhandlar, gardbrukar og politikar frå Bagn i Sør-Aurdal. Han var ordførar i Sør-Aurdal frå 1910 til 1919, og stortingsmann 1919-21 frå einmannskrinsen Valdres, vald for partiet Venstre.

Ole Tronrud
Fødd22. august 1856
Død4. mars 1936 (79 år)
Statsborgar avNoreg

Gardbrukarsonen frå Bagn gjekk underoffisersskulen før han i 1886 opna landhandel på garden Søndre Voll i heimbygda. Jamsides landhandelen dreiv han småbruket Grønvoll der. Bortsett frå ein valperiode, sat Tronrud i heradsstyret samanhengande frå 1892 til 1922. Han var ordførar i tre valbolkar, frå 1910 til 1919. Dessutan var han forlikskommissær i lang tid.

Hausten 1918 vann Tronrud stortingsvalet i Valdres-krinsen. Dei tre åra på Stortinget hadde han sete i Konstitusjonskomiteen.

Mangeårig stortingsmann Elling Wold var syskenbarnet hans.

KjelderEndra