Olenij
Olenij (russisk Остров Олений; Ostrov Olenij) er ei øy i Karahavet berre nokre kilometer frå kysten av Sibir i Russland. Ho ligg nord for ein av armane av Gydanhalvøya. Ho er dekt av tundravegetasjon og myrer, er 53 km lang og i snitt om lag 27 km brei. Øya har eit areal på 1197 km².
Olenij | |||
øy | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Areal | 1 197 km² | ||
Folketal | 0 | ||
Olenij 72°24′N 77°45′E / 72.4°N 77.75°E |
Havet omkring Olenij er dekt av pakkis om vinteren og det er mykje isflak sjølv om sommaren, så ho er som regel landfast med Gydanhalvøya, som det berre går eit 2 km smalt sund mellom.
Olenij høyrer til Jamalo-Nenetsk autonome okrug som ligg nord i Tjumen oblast. Olenij er òg ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland og Europa.
Øya må ikkje forvekslast med andre øyar med same namn. Ei av desse ligg i Karahavet i Plavnikovijeøyane, medan dei andre ligg i Barentshavet og Kvitsjøen.
Nærliggande øyar
endre- Sørvest for Olenij ligg tre små øyar kalla Prokljatyjeøyane (Проклятые острова; Prokljatyje ostrova) ved 72° 15' N og 77° 05' E.
- Rovnyjøya ligg nær kysten, eit par kilometer aust for Prokljatujeøyane.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Oleniy Island» frå Wikipedia på engelsk, den 5. august 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Plassering
- Naturreservat Arkivert 2007-10-08 ved Wayback Machine.