Olenjok (russisk Оленёк) er ei stor elv nord i Sibir i Russland. Elva er 2292 km lang, der rundt 1000 km kan nyttast til skipsfart, og har eit nedslagsfelt på 219 000 km². Den største sideelva hennar er Arga-Sala.

Olenjok
elv
Olenyokrivermap.png
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 219 000 km²
Lengd 2 292 km
Middelvassføring 95,7 /s
Kjelde Det sentralsibirske platået
Munning Laptevhavet

Olenjok
67°35′17″ N 105°9′16″ E
Wikimedia Commons: Olenyok River

Elva har utspring nord på Det sentralsibirske platået og renn frå her nordaustover gjennom Olenjok, før ho munnar ut i Olenjokbukta i Laptevhavet ved Ust-Olenjok like vest for Lenadeltaet.

Olenjok er kjend for å vere rik på fisk. Ho er isdekt over åtte månader kvar år og klimaet i området er hardt.

  • Djangylakh eller Dzjangylakh (Ostrov Djangylakh) 73°5′20″N 120°8′24″E er ei stor, flat deltaøy som ligg ved munningen av Olenjok. Det er fleire mindre øyar like i nærleiken, som Eppetøya på austsida, men ingen er like store. Djangylakh er 21 km lang og 16 km brei.

HistorieEndra

Den russiske polfararen Vasilij Prontsjisjtsjov og kona hans Maria Prontsjsjtsjova døydde av skjørbuk i dette området i september 1736, medan dei kartla kysten av Laptev Sea. Begge vart gravlagd ved munningen av Olenjok

KjelderEndra