Opna hovudmenyen
Olib
Olib3.jpg
Geografi
Croatia - Olib.PNG
Stad Adriahavet
Koordinatar 44°22N′14 46°E′{{{6}}}

Areal 26,14 km²

Høgaste punkt Kalac (74 moh.)

Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Split-Dalmatia

Demografi
Folketal 147 (2001)

Olib er ei øy i Adriahavet ved kysten nord i Dalmatia i Kroatia. Ho ligg nordvest for Zadar, sørvest for Pag, søraust for Lošinj og like aust for Silba.

Dei første busetnadane vart oppretta under Romarriket, og Olib vart først nemnd i dokument på 900-talet som Aloep.

Kroatar kom til øya på midten av 1400-talet frå Vrlika i Cetinska Krajina då dei flykta frå den osmanske invasjonen.

Øya har mange historiske bygningar og ruinar. Mellom desse finn ein kyrkja Jomfru Marias Himmelfart med ei samling antikvitetar, tårnet Kula, som vart bygd som vern mot piratar, og ruinane av St. Paulus Kyrkje og Kloster, som ein drog bort frå på 1200-talet.

Olib produserer mellom anna vin, olivenolje og ost. Olib har ingen ferskvasskjelder, og derfor har nesten alle heimane på øya cisterner for å samle inn regnvatn. Det er òg to kommunale brønnar tilgjengeleg for innbyggjarane.

Olib er forbunde til fastlandet via ei ferje til Zadar, som òg går innom øyane Silba og Premuda. Reisa til fastlandet tar om lag to timar med ein katamaran og tre til fem timar med ei bilferje.