Oliver Kahn

tysk fotballspelar

Oliver Rolf Kahn (fødd 15. juni 1969) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Karlsruhe, målvakt på Bayern München sinne vinnarlag i UEFA-cupen 1996 og Meisterligaen 2001. I 2002 vann han VM-sølv med Tyskland under fotball-VM i Japan.

Oliver Kahn
20180423 FIFA Fußball-WM 2018, Pressevorstellung ARD und ZDF by Stepro StP 3897.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Oliver Rolf Kahn
Fødd 15. juni 1969 (51 år)
Fødestad Karlsruhe i Vest-Tyskland
Høgd 187 cm
Posisjon Målvakt
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1987–1990
1990–1994
1994–2008
Karlsruher SC II
Karlsruher
Bayern München
73 (0)
128 (0)
429 (0)
Totalt 630 (0)
Landslag
1995–2006 Tyskland 86 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

KlubbspelEndra

Kahn debuterte for Karlsruher SC i 1987. I 1994 vart han overført til Bayern München mot 4,6 millionar tyske mark. Fram til han la opp i 2008 var han med om å vinne Bundesliga åtte gongar og DFB-pokalen seks gongar. I 1996 vakta han målet då Bayern vann UEFA-cupfinalen, sameleis då laget i Meisterligafinalen 1999 vart overrumpla av Manchester United i sluttminutta og enda opp med 1-2-tap. To år seinare lukkast Kahn og Bayern München vinne Meisterligaen 2001 gjennom straffesparktevling mot Valencia CF.

LandslagsspelEndra

Frå 1995 til 2006 var Kahn med i det tyske fotballandslaget. Han var med i EM-troppa 1996, utan å kome på bana. Under VM i fotball 2002 spelte Kahn ei framifrå turnering og var hovudgrunnen til at Tyskland tok seg til finalen. Trass i eit mistak på Brasils fyrste finalemål, og tysk finaletap 0-2, vart Kahn kåra til meisterskapens beste spelar. Han spelte 86 landskampar.

KjelderEndra