Olivia Newton-John

australsk songar og skodespelar (1948–2022)
(Omdirigert frå Olivia Newton John)

Olivia Newton-John DBE (26. september 19488. august 2022) var ein britiskfødd, australsk songar, låtskrivar og skodespelar. Ho vann Grammyprisen fire gonger og har fem førsteplassar og ti andre topp 10-plasseringar på den amerikanske Billboard Hot 100-lista for singlar[1] og to album på toppen av Billboard 200-albumlista. Elleve av singlane hennar (mellom anna to platinaplater) og 14 av albuma hennar (av dei to platina og fire doble platina) har selt til gullplate. Ho har gjort suksess innan fleire sjangrar, som pop, country og adult contemporary, og har selt kring 100 millionar plater, noko som gjer ho til ein av dei mestseljande artistane gjennom tidene.[2] Ho spelte i lag med John Travolta i filmutgåva av Broadway-musikalen Grease, som gav eit av dei mest suksessrike filmmusikkalbum i historia til Hollywood.

Olivia Newton-John

Fødd26. september 1948
FødestadCambridge
Død8. august 2022 (73 år)
DødsstadSanta Ynez Valley
OpphavAustralia, Storbritannia
Aktiv1963 til i dag
SjangerPop, country, softrock
InstrumentSong
Stemmetypesopran
PlateselskapUni, MCA, EMI, Pye, Festival
Verka somSongar, låtskrivar, skodespelarinne, entrepenør
MorIrene Helen Käthe Born
FarBrinley Newton-John
Gift medMatt Lattanzi, John Easterling
BornChloe Rose Lattanzi
Prisaroffiser av Den britiske imperieordenen, offiser av Order of Australia, Daytime Emmy Award, Australian National Living Treasure, companion av Order of Australia, kommandør av Order of the British Empire, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Grammy Award for Best Country Collaboration with Vocals, Grammy Award for årets innspilling, Grammy Award for Best Country Collaboration with Vocals, Grammy Award for Video of the Year, Country Music Association Award for Female Vocalist of the Year, American Music Award for Favorite Country Album, American Music Award for Favorite Pop/Rock Song, American Music Award for Favorite Pop/Rock Album, Australian Recording Industry Association, National Trust of Australia, Music Victoria Awards of 2015, Doctor of Letters, Australian Women in Music Awards, American Music Award for Favorite Country Female Artist

Newton-John var lenge ein aktivist for miljø og dyrerettar. Etter at ho overlevde brystkreft i 1992,[3] vart ho ein talsperson for helse, og var involvert i mange veldedige hendingar, helseprodukt og innsamlingsaksjonar.

Diskografi

endre


Filmar

endre
År Namn Rolle Merknad
1965 Funny Things Happen Down Under Olivia Birolle
1970 Toomorrow Olivia Hovudrolle
1972 The Case Seg sjølv BBC2 TV-spesial med Cliff Richard & Tim Brooke-Taylor
1976 A Special Olivia Newton-John Seg sjølv TV-spesial
1977 Only Olivia Seg sjølv TV-spesial
1978 Olivia Seg sjølv TV-spesial
Grease Sandy Olsson Hovudrolle
1980 Xanadu Kira Hovudrolle
Hollywood Nights Seg sjølv TV-spesial
1983 Two of a Kind Debbie Wylder Hovudrolle
1988 She's Having a Baby Seg sjølv Cameo
1989 Mothers & Others Seg sjølv TV-spesial
1990 A Mom for Christmas Amy Miller Hovudrolle
1991 Madonna: Truth or Dare Seg sjølv Cameo
1994 A Christmas Romance Julia Stonecypher Hovudrolle
1996 It's My Party Lina Bingham Birolle
2000 Sordid Lives Bitsy Mae Harling Birolle
2001 The Wilde Girls Jasmine Wilde Hovudrolle
2002 A Night with Olivia Seg sjølv TV-spesial
2003 Live in Japan '03 Seg sjølv TV-spesial
2008 Sordid Lives: The Series Bitsy Mae Harling Birolle
2009 Kathy Griffin: My Life On The D-List Seg sjølv Gjest
2010 1 a Minute Seg sjølv Dokumentar
Glee Seg sjølv Spesialgjest – 2 episodar
Score: A Hockey Musical Hope Gordon Birolle
2011 A Few Best Men Barbara Ramme Birolle

Kjelder

endre
  1. Erlewine, Michael (1997). All Music Guide to Country. San Francisco: Miller Freeman Books. s. 334. ISBN 978-0-87930-475-1. Henta 25. august 2014. 
  2. Bennett, Sally (27. februar 2012). «Choir buddies Olivia Newton-John and Daryl Braithwaite tune up again». Herald Sun. Henta 25. august 2014. 
  3. 1001 Australskes You Should Know. Google Books. Henta 25. august 2014. 

Bakgrunnsstoff

endre