Physical av Olivia Newton-John

Physical
Singel av Olivia Newton-John
frå albumet Physical
B-side

«The Promise (The Dolphin Song)»

Utgjeve September 1981
Innspelt Januar 1981
Sjanger New wave
Lengd 3:45
Selskap MCA
Låtskrivar(ar) Steve Kipner, Terry Shaddick
Produsent John Farrar
Olivia Newton-John-kronologi 
«Suddenly»
(1980)
Physical «Make a Move on Me»
(1982)


«Physical» er ein song av den australske songarinna Olivia Newton-John for det 12. studioalbumet hennar, Physical. Han vart gjeven ut i september 1981 på MCA Records som den første singelen frå albumet. Songen vart skriven av Steve Kipner og Terry Shaddick, som opphavleg hadde tenkt å gje han til den britiske songaren Rod Stewart, medan produksjonen vart gjort av John Farrar.[1]

Songen vart ein umiddelbar suksess og selde 2 millionar eksemplar i USA, som gav ho platinaplate, og låg 10 veker på toppen av Billboard Hot 100. Dette vart dermed den største singelen til Newton-John i USA. Songen nådde sjuandeplassen i Storbritannia i november.[2] Songen vart nominert til Grammyprisen for beste kvinnelege popsong.

Singelen har i alt seld kring 2,5 millionar eksemplar.

Soge endre

Han vart spelt inn tidleg i 1981 og gjekk til toppen av Billboard Hot 100 i USA i november 1981, der han låg i ti veker til slutten av januar 1982. Billboard rangerte han som den mestseljande singelen for 1982 (salsåret starta i november 1981), og ein av dei mestseljande singlane på lista i 1980-åra.[treng kjelde] Gitarsoloen i songen vert framført av Steve Lukather.

Songen var kvassare enn songar Newton-John var kjend for tidlegare, som songane frå Grease og den store countrypop-hiten «I Honestly Love You». Songen vart til og med bannlyst av enkelte radiostasjonar på grunn av det seksuelle innhaldet, til dømes linja «There's nothing left to talk about unless it's horizontally».

Musikkvideoen for songen vart regissert av Brian Grant.

Ettermæle endre

Billboard rangerte songen på sjetteplassen på lista deira All Time Top 100 og øvst på lista deira Top 50 Sexiest Songs Of All Time.[3][4]

Ein bossanova-versjon av songen vart gjeven ut i 2002 på duettalbumet til Newton-John kalla (2), som eit bonusspor.

I nyare tid rangerte Matthew Wilkening frå AOL Radio i 2010 songen på 39. plass på lista over dei 100 verste songane gjennom tidene.[5]

Andre versjonar endre

Lister endre

Liste (1981–82) Plassering
Australia (Kent Music Report) 1
Canada (RPM) 1
Tyskland (Media Control AG) 4
Irland (IRMA) 4
Japan (Oricon) 17
Nederland (Dutch Top 40) 4
New Zealand (RIANZ) 1
Sverige (Sverigetopplistan) 15
Sverits (Schweizer Hitparade) 1
UK Singles (The Official Charts Company) 7
US Billboard Hot 100 1
US Adult Contemporary (Billboard) 29
Liste (2010) Plassering
US Billboard Hot 100
Glee-versjon med Jane Lynch
89

Kjelder endre

  1. Juke Magazine, 13. mars 1982.
  2. «American single salstrofé – Olivia Newton-John – Physical». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
  3. «The 50 Sexiest Songs Of All Time Page 5». Billboard. Henta 13. mai 2014. 
  4. VideoYouTube
  5. Wilkening, Matthew (11 September 2010). «100 Worst Songs Ever -- Part Four of Five». AOL Radio. Henta 23 December 2010. 

Bakgrunnsstoff endre