On the Turning Away
On the Turning Away Singel av Pink Floyd frå albumet A Momentary Lapse of Reason | ||
B-side |
"Run Like Hell» (live) | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 14. desember 1987 | |
Innspelt | November 1986 til august 1987 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 5:42 (album) 4:43 (singel) | |
Selskap | EMI (Storbritannia) Columbia (USA) | |
Komponist | David Gilmour | |
Tekstforfattar | David Gilmour, Anthony Moore | |
Låtskrivar(ar) | David Gilmour, Anthony Moore | |
Produsent | Bob Ezrin, David Gilmour | |
Pink Floyd-kronologi | ||
«Learning to Fly» (1987) |
On the Turning Away | «One Slip» (1988)
|
«On the Turning Away» er ein song frå Pink Floyd-albumet A Momentary Lapse of Reason frå 1987.[1][2] Han vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet og nådde førsteplassen på Billboard Album Rock Tracks-lista tidleg i 1988. I Storbritannia gjekk songen til 55. plass på singellista. Ein konsertversjon av songen finst på Delicate Sound of Thunder.
Songen er ein powerballade og omhandlar tema som fattigdom og undertrykking, og klagar over at folk har ein tendens til å vende seg bort frå dei som er råka av slike tilhøve. Han endar med ein håpefull tone der siste verset startar med «no more turning away …».
Songen vart spelt på konsertane til bandet frå 1987 til 1989 og nokre gonger under turneen deira i 1994.
Musikkvideoen for songen bestod av konsertopptak frå The Omni i Atlanta i november 1987 og var regissert av Lawrence Jordan. Videoar for «The Dogs of War» og «One Slip» vart òg filma under same konsert. Videoen nådde niandeplass på MTV Video Countdown i januar 1988.
Fem-disk-utgåva av David Gilmour-albumet Live in Gdańsk, samt vinylutgåva, inneheld ein versjon av songen frå Venezia den 12. august 2006. Halvvegs gjennom songen gløymer både Gilmour og Wright teksten, ler av det og får hjelp av publikum til å kome attende i songen att.
Medverkande
endre- David Gilmour – electric & akustisk gitar, solovokal
- Nick Mason – perkusjon
- Richard Wright – Hammondorgel, korvokal
Andre medverkande:
- Jon Carin – synthesiser
- Tony Levin – bassgitar
- Jim Keltner – trommer
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «On the Turning Away» frå Wikipedia på engelsk, den 22. februar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Strong, Martin C. (2004). The Great Rock Discography (7th utg.). Edinburgh: Canongate Books. s. 1177. ISBN 1-84195-551-5.
- ↑ Mabbett, Andy (1995). The Complete Guide to the Music of Pink Floyd. London: Omnibus Press. ISBN 0-7119-4301-X.