Opna hovudmenyen
Delicate Sound of Thunder
Konsertalbum av Pink Floyd
Utgjeve 22. november 1988
Innspelt 19–23. august 1988
Spelestad Nassau ColiseumLong Island i New York i USA
Sjanger Progressiv rock
Lengd 1:44:08
Selskap EMI (UK/Europa)
CBS Columbia (US/Canada)
Melodija (Sovjetunionen)
Produsent David Gilmour
Pink Floyd-kronologi
A Momentary Lapse of Reason
(1987)
Delicate Sound of Thunder Shine On
(1992)


Delicate Sound of Thunder er det første heile konsertalbumet av den engelske rockegruppa Pink Floyd. Det vart innspelt over fem kveldar i Nassau ColiseumLong Island i New York i august 1988 og miksa i Abbey Road Studios i september 1988. Albumet kom ut 22. november 1988, på EMI Records i Storbritannia og Columbia Records i USA

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg [1]
Blender3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg lenkje
Robert ChristgauC [2]
Rolling Stone2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg [3]

InnspelingEndra

Bandet spelte inn og filma ei rekkje av konsertane sine i Omni Coliseum i Atlanta i Georgia i november 1987 for eit potensielt konsertalbum. Bandet var derimot ikkje nøgde med resultatet. Desse konsertopptaka vart derfor berre til musikkvideoar og B-sider for singlane frå A Momentary Lapse of Reason og seinare vart dei gjevne ut på piratkopiplater som Pink Floyd: The Calhoun Tapes og Would You Buy a Ticket to This Show. I august 1988 drog bandet så til Nassau Coliseum og filma og spelte inn fem konsertar mot slutten av Momentary Lapse-turneen 1987-1988.

UtgjevingEndra

Albumet vart gjeve ut i 1988 som ein dobbel-LP, dobbel kassett og ein dobbel-CD, og kvart format hadde små endringar i innhaldet. Albumet inneheld mange songar frå A Momentary Lapse of Reason i tillegg til ein del frå eldre album. Ein videofilm av ein av konsertane vart òg gjeve ut.

Dobbel-LP-en hadde ikkje med «Us and Them». Både LP- og kassettutgåva hadde «Wish You Were Here» mellom «Another Brick in the Wall (Part 2)» og «Comfortably Numb».

Ein konsertfilm regissert av den amerikanske musikkvideoregissøren Wayne Isham kom ut på VHS, Video CD og Laserdisc. Denne vart nominert til Grammyprisen for beste musikklangfilm.

Sjølv om David Gilimour då albumet kom ut og i eit radiointervju i 1992 sa at albumet ikkje inneheldt noko overdubbing i studio, men skal ha lagt på ekstra akustsk gitar på «Comfortably Numb», i følgje lydteknikaren Buford Jones. I tillegg vart somme harmoniar erstatta av studioopptak: Richard Wright song opp att vokalen sin på «Us and Them» og Sam Brown erstatta Rachel Fury sin part på «Comfortably Numb»[4] men resten av albumet vart spelt som på konsertane.

I lag med A Collection of Great Dance Songs, vart Delicate Sound of Thunder gjeven ut på 180 gramsvinyl i november 2017.[5] Plateomslaget var ein kopi av den originale LP-utgåva frå 1988.

SalslisterEndra

Delicate Sound of Thunder nådde 11. plass på Billboard 200, og har seld over tre millionar eksemplar i USA, som han har fått 3x platinaplate for i april 1997. I Canada vart albumet sett på 57 plassen for årslista i 1989.[6]

I verdsrommetEndra

Delicate Sound of Thunder vart det første rockealbumet som vart spelt i verdsrommet, då kosmonautar frå Sovjetunionen tok det med seg på Soyuz TM-7. Kassettetuiet vart derimot lagt igjen for å spare vekt. David Gilmour og Nick Mason var til stades under oppskytinga.[7]

Den doble LP-utgåva var òg det einaste albumet til bandet som vart offisielt gjeven ut i Sovjetunionen på det statseigde Melodija.

InnhaldEndra

CDEndra

Plate ein
# TittelInnspeling Lengd
1. «Shine On You Crazy Diamond»  21. august 1988 11:53
2. «Learning to Fly»  21. august 1988 5:27
3. «Yet Another Movie»  21. august 1988 6:21
4. «Round and Around»  19. august 1988 0:33
5. «Sorrow»  23. august 1988 9:28
6. «The Dogs of War»  20. august 1988 7:18
7. «On the Turning Away»  21. august 1988 7:58
Plate to
# TittelInnspeling Lengd
1. «One of These Days»  22. august 1988 6:15
2. «Time»  19. august 1988 5:16
3. «Wish You Were Here»  23. august 1988 4:49
4. «Us and Them»  21. august 1988 7:22
5. «Money»  21. august 1988 9:52
6. «Another Brick in the Wall (Part 2)»  21. august 1988 5:28
7. «Comfortably Numb»  23. august 1988 8:56
8. «Run Like Hell»  19. august 1988 7:12

LP-utgåvaEndra

Side ein
# TittelInnspeling Lengd
1. «Shine On You Crazy Diamond»  20. august 1988 11:53
2. «Learning to Fly»  21. august 1988 5:27
3. «Yet Another Movie»  19. august 1988 6:21
4. «Round and Around»  19. august 1988 0:33
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)Innspeling Lengd
5. «Sorrow»  Gilmour23. august 1988 9:28
6. «The Dogs of War»  Gilmour/Moore21. august 1988 7:18
7. «On the Turning Away»  Gilmour/Moore21. august 1988 7:58
Side tre
# TittelInnspeling Lengd
1. «One of These Days»  23. august 1988 6:15
2. «Time»  19. august 1988 5:16
3. «Money»  23. august 1988 9:52
4. «Another Brick in the Wall (Part 2)»  19. august 1988 5:28
Side fire
# TittelLåtskrivar(ar)Innspeling Lengd
5. «Wish You Were Here»  Waters/Gilmour20. august 1988 4:49
6. «Comfortably Numb»  Gilmour/Waters23. august 1988 8:56
7. «Run Like Hell»  Waters/Gilmour21. august 1988 7:12

Songar som ikkje kom med på albumetEndra

På konsertane vart òg følgjande songar spelte, men kom ikkje med på albumet:

Songar med asterisk (*) finst på videoversjonen.

MedverkandeEndra

Pink Floyd
Andre medverkande
Produksjon

David Hewitt - innspelingsteknikar

Salslister og salstroféEndra

SalslisterEndra

Liste (1988–89) Plassering
Australske album (ARIA)[8] 4
Austerrikske album (Ö3 Austria)[9] 15
Nederlandske album (MegaCharts)[10] 20
Tyske album (Media Control)[11] 9
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[12] 4
Norske album (VG-lista)[13] 2
Spanske album (AFYVE)[14] 15
Svenske album (Sverigetopplistan)[15] 14
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[16] 4
Britiske album (OCC)[17] 11
US Billboard 200[18] 11

SalstroféEndra

Region Salstrofé Salstal
Austerrike (IFPI Austerrike)[19] Gull 25 000x
Canada (Music Canada)[20] 2× Platina 200 000^
Tyskland (BVMI)[21] Gull 250 000^
Italia (FIMI)[22]
(since 2009)
Gull 25,000*
Nederland (NVPI)[23] Gull 50 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[24] Platina 50 000x
Storbritannia (BPI)[25] Gull 100 000^
USA (RIAA)[26] 3× Platina 1 500 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

KjelderEndra

  1. Erlewine, Stephen Thomas. Delicate Sound of ThunderAllmusic. Henta 16. juli 2019.
  2. «Album review». Robert Christgau. Henta 16. juli 2019. 
  3. Azerrad, Michael. «Album review». Rolling Stone. Henta 16. juli 2019. 
  4. The Live Albums
  5. «Pink Floyd’s Delicate Sound Of Thunder set for vinyl reissue». 10. oktober 2017. Henta 12. oktober 2017. 
  6. http://www.collectionscanada.gc.ca/obj/028020/f2/nlc008388.6625.pdf
  7. Mabbett, Andy (2010). Pink Floyd - The Music and the Mystery. London: Omnibus. ISBN 978-1-84938-370-7. 
  8. "Pink Floyd – Delicate Sound of Thunder". Australiancharts.com. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  9. "Pink Floyd - Delicate Sound of Thunder" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  10. "Pink Floyd – Delicate Sound of Thunder". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  11. "Longplay-Chartverfolgung at Musicline". Musicline.de. Media Control. Henta 9. juli 2019.
  12. "Pink Floyd – Delicate Sound of Thunder". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  13. "Pink Floyd – Delicate Sound of Thunder". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  14. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959-2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  15. "Pink Floyd – Delicate Sound of Thunder". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  16. "Pink Floyd – Delicate Sound of Thunder". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  17. "Pink Floyd | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 9. juli 2019.
  18. "Pink Floyd Album & Song Chart History" Billboard 200 for Pink Floyd. Prometheus Global Media. Henta 9. juli 2019.
  19. «Austrian album salstrofé – Pink Floyd – Delicate Sound of Thunder» (på tysk). IFPI Austerrike. Henta 9. juli 2019.  Enter Pink Floyd in the field Interpret. Enter Delicate Sound of Thunder in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
  20. «Canadian album salstrofé – Pink Floyd – Delicate Sound of Thunder». Music Canada. Henta 9. juli 2019. 
  21. «Gold-/Platin-Datenbank (Pink Floyd; 'Delicate Sound of Thunder')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 9. juli 2019. 
  22. «Italian album salstrofé – Pink Floyd – Delicate Sound of Thunder» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Henta 31. mai 2018.  Select Album e Compilation in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Pink Floyd in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  23. «Dutch album salstrofé – Pink Floyd – Delicate Sound of Thunder» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. Henta 13. september 2018. 
  24. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Pink Floyd; 'Delicate Sound of Thunder')». Hung Medien. Henta 9. juli 2019. 
  25. «British album salstrofé – Pink Floyd – Delicate Sound of Thunder». British Phonographic Industry. Henta 9. juli 2019.  Enter Delicate Sound of Thunder in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  26. «American album salstrofé – Pink Floyd – Delicate Sound of Thunder». Recording Industry Association of America. Henta 9. juli 2019.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH