Selk'nam

(Omdirigert frå Ona-folket)

Selk'nam eller onawo var eit urfolk som levde på Eldlandet, heilt sør i Sør-Amerika. Truleg reiste selk'nam frå fastlandet i nord over Magellansundet til Eldlandet.[1] Dei levde på den nordvestlege delen av Storøya i Eldlandet. Sørvest på øya budde haush-folket. Haush og selk'nam hadde det til felles at dei var innlandsjegerar, i motsetnad til eldlendar-folka alakaluf, chono og yahgan, som levde av havet. Namnet ona kan brukast som samleomgrep for haush og selk'nam, eller som eit alternativt namn på selk'nam. Språket deira vert kalla ona. Folkegruppa var lenge erklært som utdøydd, etter folkemordet på selk'namfolk frå midten av 1800-talet av. Det finst likevel framleis folk av selk'namavstamming i Chile, som har byrja kreva nasjonal anerkjenning som folkegruppe.[2]

Selk'nam-born i 1898.

Historie endre

 
Selk'namen Tchoskiái, som blei teken til den nasjonale utstillinga i Buenos Aires i 1898.

Selk'namfolk var ei av tre urfolksgrupper som opphavleg budde i Eldlandet. Dei heldt til i den nordaustlege delen av øygruppa. Dei blei kalla ona ('folket i nord') av yaghanfolk (yamana).[3]

Folkegruppa levde eit halvnomadisk liv med jakt og sankingIsla Grande de Tierra del Fuego i ei årrekkje.[4] Namnet på øya tyder bokstaveleg 'den store øya i Eldlandet', og blei gjeve av spanske utforskarar etter at dei såg røyk frå båla til selk'namane.[4]

Folkemord endre

Då dei kvite tok til å ta seg beitemarker for sau på Storøya på 1800-talet, trudde selk'nam-folket at sauene kunne reknast som fritt vilt. Dei tok difor til å stela sauer og eta, noko dei kvite sjølvsagt mislikte sterkt. Dette førte til ein langvarig konflikt mellom selk'nam og kvit; mange kvite oppfordra regelrett til å drepa selk'nam og utlova eitt pund for kvar drepne selk'nam. Mange døydde også av sjukdommar dei kvite innførte. Frå eit estimert folketal på kring 4000 i 1880-åra var talet redusert til rking 500 tidleg på 1900-talet.[5][6]

Nyare tid endre

 
Enriqueta Gastelumendi (1913-2004), også kalla India Varela, var ein treskjerar og formidlar av lokal kultur med selk'nammor og spansk far.

I 1974 døydde Ángela Loij som det siste fullblods-mennesket av selk'nam-folket. Under ei folketeljing i Argentina i 2001 talde ein likevel framleis nokre hundre menneske som rekna seg som selk'nam, anten på Eldlandet eller andre stader i landet.

Grunna mykje kontakt med kristne misjonærar og tidlege kulturforskarar veit ein forholdsvis mykje om selk'nam-folket sin kultur, religion og om språket deira. Mykje av denne informasjonen er samla på museumet i Puerto WilliamsNavarino-øya, saman med utstillingar om yahgan-folket.

Joubert Yantén Gómez, eller Keyuk, har delvis selk'namopphav og har lært seg å tala selk'nam att.[7]

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Frederick Webb Hodge, Proceedings: Held at Washington, December 27–31, 1915, original from Harvard University, 649 pages
  2. Youkee, Mat (3. mai 2022). «‘We were told our brothers were dead’: Chile’s lost tribe reclaims identity». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. 
  3. Chapman2010, s. XX.
  4. 4,0 4,1 Gilbert 2014.
  5. «Selk'nam: Tierra del Fuego's last forgotten tribe». Chimu Adventures Blog (på engelsk). 29. oktober 2016. Henta 18. august 2022. 
  6. Chapman 2010, s. 544.
  7. Judith Thurman (30. mars 2015). «A Loss for Words». The New Yorker.