Storøya i Eldlandet

Storøya i Eldlandet (spansk Isla Grande de Tierra del Fuego) er ei øy nær sørspissen av Sør-Amerika, skilt frå kontinentet av Magellansundet. Den vestlege delen av øya ligg i Chile, i provinsane Tierra del Fuego og Antártica Chilena. Den austlege delen av øya høyrer til Argentina, i provinsen Tierra del Fuego, Antártida e Islas del Atlántico Sur. Øya utgjer størstedelen av landmassane i øygruppa som heiter Eldlandet (Tierra del Fuego).

Satellittbilete av Eldlandet. Storøya ligg rett sør for Magellansundet.
Kart over Storøya i Eldlandet (grøn farge) og øygruppa Eldlandet

Geografi endre

Storøya i Eldlandet har ei flatevidd på 47 992 km², noko som gjer henne til den 29. største øya på jordkloten. Øya blir avgrensa av Magellansundet i nord. På nordsida av sundet ligg det chilenske fastlandet i Región de Magallanes y de Antártica Chilena. I sør blir Storøya avgrensa av Beaglekanalen, der det ligg mange øyar. Frå vest til aust er dei viktigaste øyane: Picton, Lennox og Nueva, Navarino-øya, Gable-øya Hoste-øya, Gordon-øya, Londonderry-øya, Cook-øya, O'Brien-øya og Stewart-øya. Nord for Beaglekanalen ligg den vestlege halvøya på Storøya, der det ikkje finst nokon større busetnader. Nordvest for denne halvøya ligg Clarence-øya og Aracena-øya samt Dawson-øya i nord. Nordvest for Dawson-øya att ligg Brunswick-halvøya som er knytt til det chilenske fastlandet. Vest for øya ligg Estados-øya i Atlanterhavet, men denne visest ikkje på kartet.

Folketal endre

 
Skilt som ønskjer velkomen til den chilenske delen av Storøya.

Storøya er det viktigaste busetnadsområdet i heile øygruppa Eldlandet. Til saman bur det over 130 000 menneske på Storøya. Av desse lever over 120 000 på den argentinske delen, der dei største byane ligg. Dei større busetnadene på øya er:

Ushuaia ligg heilt sør på øya, ved Beaglekanalen. Rio Grande ligg i nordaust ved atlanterhavskysten, ved munninga av elva Rio Grande. Midt imellom desse to byane ligg Tolhuin. Porvenir og Cerro Sombrero ligg begge heilt i nord, nær Magellansundet. Dei nordlege delane av øya ligg over oljereservoar, Cerro Sombrero er største utvinningssenteret på øya.

Klima endre

For meir om dette emnet, sjå bolken Klima i artikkelen Eldlandet.

Lik resten av Eldlandet har Storøya eit subpolart klima, men nokre delar av innlandet på øya har polarklima. Andre stader på jordkloten med eit klima likt det sørlege Eldlandet er Aleutane, Alaskahalvøya, Island og Færøyane.

 
Drimys winteri
Foto: Eric Hunt

Natur endre

For meir om naturen på Eldlandet, sjå bolkane Flora og Dyreliv i artikkelen Eldlandet.

På Storøya ligg det fleire store skogar av dei seks treslaga som veks på Eldlandet. Eit område på den chilenske delen av øya er vorte teken med i Alberto de Agostini nasjonalpark. Ein av dei største attraksjonane i nasjonalparken er fjellkjeda Cordillera Darwin som har Monte Darwin som høgaste topp. I nasjonalparken finn ein òg fleire store brear.[1]

Historie endre

For meir om dette emnet, sjå bolken Historie i artikkelen Eldlandet.

Lik resten av øygruppa Eldlandet var Storøya busett av innfødde lenge før dei kvite kom. Ein reknar med at eldlendarane busette seg her så tidleg som 10 000 eller 8000 år f. Kr. Den fyrste europearen som oppdaga øygruppa, var Ferdinand Magellan då han fann Magellansundet frå Atlanterhavet til Stillehavet i 1520.

Øya vart i 1881 delt mellom Argentina og Chile; til dess hadde begge statane gjort krav på heile øya.

Økonomi endre

Viktigaste næringsgreinene på Eldlandet er utvinning av olje og naturgass, saueavl og økoturisme. På argentinsk side har fleire elektronikkselskap etablert seg.

Kjelder endre

Fotnote endre