Roy Thomas Baker

britisk musikkprodusent

Roy Thomas Baker (fødd 10. november 1946) er ein engelsk plateprodusent, låtskrivar, arrangør og sjef i Recording Academy, som har produsert pop og rock sidan 1970-åra.[1]

Roy Thomas Baker

Roy Thomas Baker i Whitfield Street Studios i 2005
Fødd10. november 1946 (77 år)
FødestadHampstead
AliasRTB
OpphavStorbritannia
Aktiv1970 til i dag
SjangerRock, pop, new wave, power pop, hardrock, glamrock, glam metal, alternativ rock
Tilknytte artistarQueen, The Cars, The Darkness, The Smashing Pumpkins
PlateselskapDecca, Trident, EMI, Parlophone, Elektra, Hollywood, RTB, Warner Bros.
Verka sommusikkprodusent, audioingeniør, låtskrivar

Karriere endre

Baker byrja karrieren sin i Decca Records i England då han var 14 år gammal. Han vart oppfordra av produsenten Gus Dudgeon og drog snart til Trident Studios, der han arbeidde med produsentar som Gus Dudgeon, Tony Visconti, Mick Jagger og Keith Richards, Frank Zappa, i tillegg til artistar som The Rolling Stones, David Bowie, The Who, Gasolin', Nazareth, Santana, The Mothers of Invention, Be Bop Deluxe, Free og T.Rex.

Etter han var med å starte plateselskapet til Trident, Neptune, møtte Baker eit band som vart kjend som Queen. Han byrja eit samarbeide med dei som varte fem album (Queen, Queen II, Sheer Heart Attack, A Night at the Opera og Jazz) og vann fleire prisar - mellom anna Grammy og oppføring i Guinness rekordbok for beste singel med «Bohemian Rhapsody».

Etter suksessen med Queen og andre artistar fekk Baker ein produksjonsavtale med CBS Music (Columbia Records, Sony Music, Epic Records, etc.). Han flytta så til USA og sette opp The RTB Audio Visual Productions i New York og Los Angeles. På denne tida produserte han Journey, Starcastle, Reggie Knighton (The Grass Roots), Ian Hunter og Ronnie Wood (The Rolling Stones).

Baker produserte òg fire album for The Cars. Albuma selde til platina og The Cars vart nominerte til Grammy.

Han vart tilbode stillinga visepresident for talentavdelinga til Elektra Records som produserte The World, Lindsey Buckingham, Mötley Crüe, Joe Lynn Turner, Josie Cotton og Dokken i tillegg fortsatt arbeidd med Queen og The Cars. Ved Elektra signerte han kontrakt med Metallica, Simply Red, Yello, Peter Schilling, The World og 10,000 Maniacs.

Baker har òg arbeidd med Guns N' Roses, Alice Cooper, Foreigner, Pilot, Ozzy Osbourne, Devo, The Stranglers, Dusty Springfield, T'Pau, Cheap Trick og Lewis Furey. I 2005 produserte han One Way Ticket to Hell and Back av The Darkness, The Smashing Pumpkins-albumet Zeitgeist i 2007, The Storm-albumet When the Storm Meets the Ground i 2008, The Smashing Pumpkins sitt American Gothic og One Karma-albumet Life Got in the Way i 2011. Han produserte òg Yes sitt album Heaven & Earth i 2014, 35 år etter dei første opptaka han gjorde med bandet.[2]

Utvald diskografi endre

Produksjonar av Roy Thomas Baker:


Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre