One for My Baby (and One More for the Road)
«One for My Baby (and One More for the Road)» er ein popsong skriven av Harold Arlen og Johnny Mercer for filmmusikalen The Sky's the Limit (1943) og først framført av Fred Astaire. Han vart popularisert av Frank Sinatra.
Harold Arlen skildra songen som «nok ein typisk Arlen-bendelorm» - ein «bendelorm» eller «tapeworm» var handelsslang for alle songar som gjekk over den vanlege 32-taktslengda. Han kalla det «ein vandringssong. Tekstforfattaren Johnny Mercer tok songen og skreiv han akkurat slik han fall. Ikkje berre er han lang - 48 taktar - men han endrar òg toneart. Johnny fekk det til å fungere.»[1] I følgje biografen til Arlen, Edward Jablonski, er songen «musikalsk uungåeleg, rytmisk pågåande og har ei stemning av metropolitansk melankolsk venleik som forfattaren John O'Hara finn i all av musikken til Arlen»[1]
Sinatra spelte inn songen fleire gonger gjennom karrieren sin: I 1947 med Columbia Records, i 1954 for filmmusikkalbumet Young at Heart, i 1958 for Frank Sinatra Sings for Only the Lonely, i 1962 for Sinatra & Sextet: Live in Paris, i 1966 for Sinatra at the Sands og til slutt i 1993 for Duets.
Innspelingar
endreDet er gjort mange innspelingar av «One for My Baby...»:
- Perry Como – 3:45 – So Smooth
- Billie Holiday – 5:42 – The Complete Billie Holiday on Verve 1945–1959
- Chuck Berry – 2:44 – Chuck Berry in London
- Ella Fitzgerald – 4:18 – Ella Fitzgerald Sings Songs from Let No Man Write My Epitaph
- Ella Fitzgerald – 3:58 – Ella Fitzgerald Sings the Harold Arlen Songbook
- Etta James – 3:26 – The Second Time Around
- Frank Sinatra – 3:07 (1947) – The Essential Frank Sinatra: The Columbia Years
- Frank Sinatra – 4:05 (1954) – Young at Heart; finst på Frank Sinatra in Hollywood 1940–1964
- Frank Sinatra – 4:23 (1958) – Frank Sinatra Sings for Only the Lonely; ein pianoversjon på The Capitol Years box set
- Frank Sinatra – 4:40 (1966) (konsertversjonen) – Sinatra at the Sands
- Frank Stallone – 4:31 – Soft And Low
- Frankie Laine – 3:39 – The Legend at His Best
- Fred Astaire – 4:59 – Somewhere Over the Rainbow: The Golden Age of Hollywood Musicals and Hollywood's Best: The 40's
- Harold Arlen – 4:15 – Too Marvelous For Words: Capitol Sings Johnny Mercer
- Iggy Pop – 4:05 – Party
- Iggy Pop – 6:04 (konsertversjon) – Heroin Hates You
- Susannah McCorkle – The Songs of Johnny Mercer (1977)
- Johnny Mercer – 3.09 – Capitol Collector's Series
- Johnny Mercer – 3:58 – My Huckleberry Friend
- Julie London – 4.10 – Your Number Please
- Laura Fygi – 5:59 (konsertversjon) – Laura Fygi's Tunes of Passion
- Lena Horne – 3:24 – Bluebird's Best: The Young Star
- Linda Eder – 4:23 – It's No Secret Anymore
- Lou Rawls – 4:25 – Innspelt 2. mai 1968 for albumet You're Good To Me; seinare gjeve ut på Great Gentlemen of Song: Spotlight on Lou Rawls
- Marlene Dietrich – 4:07 – Love Songs
- Marvin Gaye – 4:30 – Moods of Marvin Gaye
- Nana Mouskouri – 3:15 – I'll remember you
- Sammy Davis, Jr. – 10:20 – konsertalbumet That's All! frå 1967
- Rosemary Clooney – 3:50 – Ballad Essentials
- Jula de Palma – 3:24 – Jula in Jazz 2
- Tony Bennett – 3:26 – Perfectly Frank, som singel i 1957 og på Duets II med John Mayer
- Willie Nelson – 2:36 – Willie & Leon: One For the Road
- Robbie Williams – 4:15 – Swing When You're Winning
- Bette Midler – 4:06 – Experience The Divine: Greatest Hits (1993)
- Chris Botti – 4:53 – When I Fall in Love[2][3]
- Sylvia Brooks – Dangerous Liaisons (2009)[4]
- Mina – L'allieva (2005)
- Hugh Laurie – Didn't It Rain (2013)
I film og fjernsyn
endre- Jane Russell syng han, kledd i ein metallisk selskapskjole, i Josef von Sternberg/Nicholas Ray sin film noir Macao (1952).
- «One for My Baby» var kjenningsmelodien for detektivserien Meet McGraw frå 1957-1958, med Frank Lovejoy.[5]
- I Twilight Zone-episoden «The Four of Us Are Dying», syng ei kvinne delar av melodien i ein hotell-lounge.
- Songen vart sungen av Bette Midler til Johnny Carson i det nest siste showet av The Tonight Show Starring Johnny Carson. Både Midler og Carson vart fulle av kjensler under songen. Dette gav Midler ein Emmy Award (1992) for Outstanding Individual Performance in a Variety or Music Program.[6]
- Dianne Reeves si utgåve av songen vert nytta under rulleteksten til George Clooney-filmen Good Night, and Good Luck (2005), og er gjeven ut på det offisielle albumet til filmen.
- Ei pianoutgåve av songen vert spelt i bakgrunnen under ein barscene i filmen Invincible (2006).
- I filmen Road House (1948), med Richard Widmark, Ida Lupino og Cornel Wilde, spelar Lupino ein saloon-pianist. Songen ho song, eller talte fram, var «One for my baby and one more for the road».
- I Vincent Price-filmen The Abominable Dr. Phibes (1971) vart songen (sungen av Scott Peters) «framført» av «Dr. Phibes' Clockwork Wizards».
- Mary syng ein acappella versjon til Lou som ei prøvespeling for talentshowet på The Mary Tyler Moore Show.
- I Stephen King-versjonen av The Shining (1997) vert songen spelt i ein barscene mot slutten av filmen. Songen kjem frå ein jukebox og artisten er ukjend.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «One for My Baby (and One More for the Road)» frå Wikipedia på engelsk, den 22. september 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Billman, Larry (1997). Fred Astaire – A Bio-bibliography. Connecticut: Greenwood Press. s. 115. ISBN 0-313-29010-5.
- ↑ «When I Fall in Love overview». Allmusic.com.
- ↑ «An evening with Chris Botti». Allmusic.com.
- ↑ Allmusic|Allmusic.com
- ↑ «’’Meet McGraw’’». Classic TV Archives. Henta September 9, 2009.
- ↑ Shaiman, Marc. "Someone in a Tree: My View of Johnny Carson's Last Night." The Film Music Society. 24 January 2005.