Onega (russisk Онега) er ei elv i Arkhangelsk oblast i Russland. Ho er 416 km lang og renn frå Latsja til Onegabukta i Kvitsjøen.

Onega
elv
Satellittbilete av Onega
Land  Russland
Nedslagsfelt 56 900 km²
Lengd 416 km
Middelvassføring 505 /s
Kjelde Latsja
Munning Onegabukta
Kart
Onegaelva
63°53′06″N 37°59′17″E / 63.885°N 37.988055555556°E / 63.885; 37.988055555556
Wikimedia Commons: Onega River

75 km før munningen delar ho seg i Store Onega og Vesle Onega, som dannar eit lite delta. Desse renn saman igjen før ho munnar ut i sjøen. Ved munningen deler ho seg i dei to greinene Dvinskij og Karelskij på kvar side av øya Kij.

Elva har eit fall på 118 meter frå kjelda til munningen, der ho har ei middelvassføring på 505 m³/s. Elva frys til mellom seint i oktober og tidleg i desember og vert isfri att i midten av april eller i mai.

Dei største sideelvane hennar er Kena, Iksa og Kozja frå venstre, og Volosjka, Mosja og Kodina frå høgre.

Byane Kargopol og Onega ligg ved Onegaelva. Langs breidda ligg og bevarte monument av gammal trearkitektur.

Kjelder endre