Only Women Bleed
Only Women Bleed Singel av Alice Cooper frå albumet Welcome to My Nightmare | ||
B-side |
Cold Ethyl | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1975 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 5:49 | |
Komponist | Alice Cooper, Dick Wagner | |
Tekstforfattar | Alice Cooper, Dick Wagner | |
Låtskrivar(ar) | Alice Cooper, Dick Wagner | |
Produsent | Bob Ezrin | |
Alice Cooper-kronologi | ||
«Muscle of Love» (1974) |
Only Women Bleed | «Department of Youth» (1975)
|
«Only Women Bleed» er ein song skriven av Alice Cooper og Dick Wagner. Songen er ein ballade om ei kvinne i eit valdeleg ekteskap.
Singelen vart berre kalla «Only Women» og var ein av dei største hittane til Alice Cooper. Han gjekk mellom anna til topps i Canada[1] og til 12. plass i USA. Songen er gjeven ut på albumet Welcome to My Nightmare og var den første av fleire balladar Cooper gav ut som nådde Topp 20.
Singelen kom ut før Welcome to My Nightmare og var i USA ein kortare versjon av albumversjonen. Tittelen vart endra av Atlantic Records på grunn av protestar frå feministiske grupper.[2] Singelversjonen har meir orkester enn albumversjonen.
Guns N' Roses brukte å spele denne songen på konsertane snie som ein intro til «Knockin' on Heaven's Door».
Songen er på filmmusikken til Rob Zombie sin nye versjon av Halloween.
Andre innspelingar
endreAndre artistar som har spelt inn songen er
- Carmen McRae på hennar 1976-album Can't Hide Love.
- Julie Covington på albumet hennar med same namn frå 1978. Singelen nådde 12. plass i Storbritannia.
- Etta James på hennar 1978-album Deep in the Night
- Ruby Turner på hennar 1986-album Live at Glastonbury
- Elkie Brooks på hennar 1986-album No More the Fool
- Lita Ford på hennar 1990-album Stiletto
- Favorite Angel på hennar 1990-album Only Women Bleed
- Slash (Guns N' Roses) på deira Use Your Illusion-turneen
- John Farnham på hans 1993-album Then Again
- Dick Wagner på hans 1995 soloalbum Rock HitStory
- Glenn Hughes, Paul Gilbert, Bob Kulick, Mike Porcaro, Steve Ferrone & Paul Taylor på hyllestalbumet Humanary Stew: A Tribute to Alice Cooper
- Etta James på hennar 1999-album The Heart of a Woman
- Audrey Turner på hennar 1999-album I Smell Trouble
- Tori Amos som B-side til singelen «Strange Little Girl» i 2001.
- Luna B-side til singelen «Lovedust» i 2002
- The Chris Farlowe Band på hans 2004-album Rock N Roll Soldier
- Madeleine Martin i serien Californication
- Wensday på hennar 2007-album Torch Rock
- Tina Arena på hennar 2008-album Songs of Love & Loss II
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Only Women Bleed» frå Wikipedia på engelsk, den 24. oktober 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 13. mai 2013.
- ↑ Weber, Barry. «Only Women Bleed - Alice Cooper : Listen, Appearances, Song Review». AllMusic. Henta 13. mai 2013.