Operahuset i Oslo
Operahuset i Oslo er bygget til Den Norske Opera & Ballett og ligg i Bjørvika inst i Oslofjorden. Huset er teikna av arkitektkontoret Snøhetta AS som vann ein arkitektkonkurranse i 2000. Det vart opna 12. april 2008. Bygningen har vunne mange prisar. Det kvite operabygget er blitt eit monumentalbygg i Oslo, og operataket er blitt ein attraksjon i seg sjølv. Operahuset har fått adresse Kirsten Flagstads plass 1 etter den første sjefen til operaen, Kirsten Flagstad.
Operahuset i Oslo | |
![]() | |
Offisielt namn | Den Norske Opera & Ballett |
---|---|
Kallenamn | Operahuset i Oslo Operahuset |
Adresse | Kirsten Flagstads plass 1 0150 Oslo |
Stad | Oslo i Noreg |
Arkitekt | Snøhetta AS |
Påbegynt | 2003 |
Opna | 12. april 2008 |
Rom | 1 100 |
Stil | postmodernistisk arkitektur |
![]() Operahuset i Oslo |
Operahuset blei freda av Riksantikvaren i 2012.[1]
ByggEndra
I 1999 vedtok Stortinget at operaen skulle plasserast i Bjørvika. Byggherre vart Statsbygg, arkitekt var Snøhetta AS og entreprisane vart blant anna tildelt Vegdekke. Kostnadsramma var på 3,9 milliardar kroner. Harald V stod for opning av operaen 12. april 2008.
SalaneEndra
Det er tre publikumssalar. Alle stolane i Hovedsalen og på Scene 2 har eit eige system for teksting av librettoen, slik at ein kan velje kva for språk ein vil ha teksten på.
Hovudsalen har 1 358 sitteplassar. Med tanke på akustikken er den bygd med form som ein tradisjonell hestesko. Det er tre balkongar som i front er kledd i eik. Også fronten på balkongane er utforma for å gi god akustikk i salen.
BileteEndra
Frå oppføringa av bygget
- Operahuset under oppføring 3. februar 2007, sett frå høgd på Ekeberg søraust for Oslo sentrum .
Foto: J. P. Fagerback
Sjølve bygget
Frå inngangen og foajeen
KjelderEndra
- ↑ Operaen fredet frå Riksantikvaren (Vitja 21. januar 2014)
BakgrunnsstoffEndra
- Operahuset i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren