Opphaugen er ein gard på Fedje som høyrer til Nedrelandet. Nedrelandet omfattar den nedre delen av matrikkelgarden nr. 168, altså alle bruka utanom Kopper og Husa. I motsetnad til desse to vart Opphaugen og dei andre bruka på Nedrelandet kalla plassar i skriftlege kjelder. Desse var både mindre og hadde dårlegare jord enn Kopper og Husa.

Opphaugen
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fedje
Postnummer 5947 FEDJE
Gardnummer 168

Opphaugen ligg på ei høgd, som namnet viser til, mellom Kopper og Tangane. I tidlege kjelder vart Opphaugen, samt Uthaugen, berre kalla Haugen. Dette gjorde det vanskeleg å skilje dei frå kvarandre, men ein veit at det er snakk om to forskjellige gardar ved at dei aldri er ført opp etter kvarandre i skattelistene. I daglegtalen vert Opphaugen oftast omtalt som «i Haugen», medan Uthaugen berre vert kalla «Haugen», dette stemmer òg med brukarnamna i dei gamle kjeldene. Uttalen av namnet er «høyen». Garden er første gong nemnt i skriftlege kjelder i 1563.

Kjelder endre

  • Arvid Skogseth (1997). Fedje og folket: Gards- og ættesoge for Fedje. Fedje kommune.