Optymistytsjnagrotta

Optymistytsjna (ukrainsk Оптимістична; russisk Оптимистическая, tyder 'optimistisk') er ei gipsgrotte ligg nær Korolivka i Borstsjiv rajon i Ternopil oblast i Ukraina. Fram til 2005 var 230 km av grotta kartlagd og ho er den lengste grotta i Eurasia. Somme kjelder skriv at ho er 214 km lang, noko som gjer ho til den tredje lengste i verda etter Mammutgrotta og Juvelgrotta og den lengste gipsgrotta i verda.

Optymistytsjna
grotte
Land  Ukraina
Oblast Ternopil oblast
Rajon Borstsjiv rajon
Stad nær landsbyen Korolivka
 - koordinatar 49°44′33″N 25°59′37″E / 49.74250°N 25.99361°E / 49.74250; 25.99361
Lengd 230 km
Geologi gips
Oppdaga av  
 - dato 1966
Kart
Optymistytsjnagrotta
48°44′06″N 25°58′25″E / 48.7349°N 25.9737°E / 48.7349; 25.9737
Wikimedia Commons: Optymistychna Cave
Frå Optymistytsjna.

Heile grotta ligg under eit 2 km² området i gips frå øvre tertiærtida som er mindre enn 20 meter tjukt. Passasjane er ofte låge og ofte fylte med gjørme. Grotta består av eit nettverk av gangar i fleire nivå og grotta er derfor ein labyrint.

Grottekomplekset vart oppdaga av speleologar frå Lviv i 1966. Grotta ligg ikkje langt unna Ozernaja, den 11 lengste grotta i verda med 122 km, men ein har så langt ikkje funne samband mellom dei to grottene.

I 2008 vart gruppa rekna med blant dei sju naturlege underverka i Ukraina.

Kjelder endre