Orientsongarfamilien
Orientsongarar, Cettiidae, er ein nyleg anerkjent biologisk familie av små insektetande «songarar», tidlegare plassert i oppsamlingstaksonet Sylviidae. Han samlar dei typiske busksongarar, Cettia, og slektningane deira.[1]
Orientsongarfamilien | |
Gulbukskreddarfugl, Phyllergates cuculatus Foto: Lip Kee
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Orientsongarfamilien Cettiidae |
Medlemmene finst hovudsakleg i Asia og Afrika, med spreiing til Indonesia i søraust og Europa i nordvest. Slekta Cettia har den største utbreiinga i familien, strekkjer seg frå Vest-Europa over Asia til Stillehavsøyane Fiji og Palau. Dei fleste av artane i slekta er standfuglar, men skjelkronestubbstjert er komplett trekkfugl og japansongar og cettisongar er delvis trekkfugl over store delar av utbreiingsområdet sitt. Nokre få artar, slik som lysbeinsongar, er høgdmigrantar.
Artane er små, butte fuglar. Dei fleste har moderat lange til lange stjertar, unntaka er stubbstjertar og tesiaer som har særs korte stjertar. Med nokre unntak som tesiaer, har fuglane i denne familien lite iaugefallande fjørdrakt, ofte med ei linje over auget.
Dei fleste lever i kratt og søkjer ofte føde ved klatring tett vegetasjon.
Innanfor superfamilien Sylvioidea, representerer Cettiidae ei gammal linje. Som gruppe er dei sannsynlegvis nærast Aegithalidae, stjertmeiser.
Artslista
endreOrientsongarar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.1, 2021,[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]
- Slekt Abroscopus
- Kvitbrynsongar, Abroscopus superciliaris, Yellow-bellied Warbler, (Blyth, 1859), (LC)
- Rustmaskesongar, Abroscopus albogularis, Rufous-faced Warbler, (Moore, F, 1858), (LC)
- Svartmaskesongar, Abroscopus schisticeps, Black-faced Warbler, (Gray, JE & Gray, GR, 1847), (LC)
- Slekt Phyllergates
- Gulbuksongar, Phyllergates cucullatus, Mountain Tailorbird, (Temminck, 1836), (LC)
- Mindanaosongar, Phyllergates heterolaemus, Rufous-headed Tailorbird, Mearns, 1905, (LC)
- Slekt Tickellia
- Breinebbsongar, Tickellia hodgsoni, Broad-billed Warbler, (Moore, F, 1858), (LC)
- Slekt Horornis
- Ilocanosongar, Horornis seebohmi, Philippine Bush Warbler, (Ogilvie-Grant, 1894), (LC)
- Japansongar, Horornis diphone, Japanese Bush Warbler, (Kittlitz, 1830), (LC)
- Kinasongar, Horornis canturians, Manchurian Bush Warbler, (Swinhoe, 1860), (LC)
- Palausongar, Horornis annae, Palau Bush Warbler, (Hartlaub & Finsch, 1868), (LC)
- Tanimbarsongar, Horornis carolinae, Tanimbar Bush Warbler, (Rozendaal, 1987), (NT)
- Skuggesongar, Horornis parens, Shade Bush Warbler, (Mayr, 1935), (LC)
- Odedisongar, Horornis haddeni, Bougainville Bush Warbler, (Lecroy & Barker, 2006), (NT)
- Fijisongar, Horornis ruficapilla, Fiji Bush Warbler, (Ramsay, EP, 1875), (LC)
- Crescendosongar, Horornis fortipes, Brown-flanked Bush Warbler, Hodgson, 1845, (LC)
- Gråstenksongar, Horornis brunnescens, Hume's Bush Warbler, (Hume, 1872), (LC)
- Gulstenksongar, Horornis acanthizoides, Yellow-bellied Bush Warbler, (Verreaux, J, 1871), (LC)
- Vulkansongar, Horornis vulcanius, Sunda Bush Warbler, (Blyth, 1870), ()
- Gusjesongar, Horornis flavolivaceus, Aberrant Bush Warbler, (Blyth, 1845), (LC)
- Slekt Tesia
- Gråbuktesia, Tesia cyaniventer, Grey-bellied Tesia, Hodgson, 1837, (LC)
- Skiferbuktesia, Tesia olivea, Slaty-bellied Tesia, (McClelland, 1840), (LC)
- Bruntesia, Tesia everetti, Russet-capped Tesia, (Hartert, E, 1897), (LC)
- Gråbryntesia, Tesia superciliaris, Javan Tesia, (Bonaparte, 1850), (LC)
- Slekt Cettia
- Cettisongar, Cettia cetti, Cetti's Warbler, (Temminck, 1820), (LC)
- Kastanjekronesongar, Cettia major, Chestnut-crowned Bush Warbler, (Moore, F, 1858), (LC)
- Gråsidesongar, Cettia brunnifrons, Grey-sided Bush Warbler, (Hodgson, 1845), (LC)
- Raudhovudtesia, Cettia castaneocoronata, Chestnut-headed Tesia, (Burton, 1836), (LC)
- Slekt Urosphena
- Skjelkronestubbstjert, Urosphena squameiceps, Asian Stubtail, (Swinhoe, 1863), (LC)
- Borneostubbstjert, Urosphena whiteheadi, Bornean Stubtail, (Sharpe, 1888), (LC)
- Timorstubbstjert, Urosphena subulata, Timor Stubtail, (Sharpe, 1884), (LC)
- Lysbeinsongar, Urosphena pallidipes, Pale-footed Bush Warbler, (Blanford, 1872), ()
- Skogbunnsongar, Urosphena neumanni, Neumann's Warbler, (Rothschild, 1908), ()
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Cettiidae» frå Wikipedia på engelsk, den 23. oktober 2010
Referansar
endre- ↑ Alström, P.; Ericson, P.G.P.; Olsson, U. & Sundberg, P. (2006) Phylogeny and classification of the avian superfamily Sylvioidea. Molecular Phylogenetics and Evolution 38(2): 381–397. doi:10.1016/j.ympev.2005.05.015 PDF-fil
- ↑ Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.1). doi : 10.14344/IOC.ML.11.1 Henta 7. mars 2021
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
Bakgrunnsstoff
endre- Videoar av songarar hos Internet Bird Collection