Sylvioidea

overfamilie av sporvefuglar
Sylvioidea
Myrsongar, Acrocephalus palustris Foto: Marek Szczepanek
Myrsongar, Acrocephalus palustris
Foto: Marek Szczepanek
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Sylvioidea

Sylvioidea er ein superfamilie innanfor ordenen sporvefuglar, ein av minst tre store kladar av sporvefuglar, saman med Muscicapoidea og Passeroidea. Han inneheld omtrent 1300 artar inkludert songarfamilien, timalfamilien, svaler, lerker og bylbylar. Medlemmer av kladen finst over heile verda, men færre artar er til stades i Amerika enn i andre verdsdelar.

Superfamilien Sylvioidea vart først foreslått i 1990 i Sibley – Ahlquist taksonomien for fuglar basert på DNA–DNA-hybridiseringsforsøk.[1] Nyare studiar basert på samanlikning av DNA-sekvensar har ikkje funne stønad for å inkludere familiar som Certhiidae (trekryparar), Sittidae (spettmeiser), Paridae (meiser) og Regulidae (fuglekongar), men stør i staden inklusjon av Alaudidae (lerker).[2] Fleire av familiane i Sylvioidea har blitt omdefinerte kraftig. Spesielt songarfamilien Sylviidae og timalfamilien Timaliidae vart brukt som oppsamlingstakson og omfatta mange artar som har vist seg ikkje å vere nært nærskyldte. Fleire nye familiar har blitt oppretta og nokre artar har rørt seg mellom familiane.

Familieoversyn per 2021Endra

Norske namn og vitskapleg namn for fuglefamiliar som reknast å vere medlemmar av superfamilien Sylvioidea. Denne lista over 25 familiar er basert på den molekylær fylogenetiske studien gjeve ut av Silke Fregin og hennar kollegaer i 2012,[3] med seinare revisjonar innanfor gruppa av timalar.[4]

Rekkefølga av familiane og talet på artar er etter IOC-verdslista forvalta av Frank Gill og David Donsker på vegne av International Ornithological Committee (IOC).[5]

  • Nikatorfamilien, Nicatoridae: Tre artar, endemiske til Afrika sør for Sahara. Nikatorar er varslarliknande fuglar, 16–23 cm i lengd.
  • Skjeggmeisfamilien, Panuridae: Ein art i tempererte delar av Europa og Asia, hannen har grått hovud og svarte teikningar som «mustasjar». Lever i eller nær takrøyrbelte.
  • Lerkefamilien, Alaudidae: Om lag 95 artar små til mellomstore sporvefuglar. Alle artar finst i «den gamle verda» og i Australia. Fjellerke òg i Nord-Amerika.
  • Bylbylfamilien, Pycnonotidae: Omtrent 160 artar av små til mellomstore fuglar, familien er fordelt over det meste av Afrika og inn i Midtausten, gjennom tropisk Asia til Indonesia, og så langt nord som Japan.
  • Svalefamilien, Hirundinidae: Fuglar tilpassa eit levesett karakterisert av å fange føda i lufta. Over 85 artar har samla ei kosmopolitisk utbreiing og hekkar på alle kontinent unntatt Antarktis.
  • Stuttvengfamilien, Pnoepygidae: Slekta Pnoepyga med fem artar som tidlegare var medlemmar av timalfamilien.
  • Dunsongarfamilien, Macrosphenidae, (engelsk 'African warblers' - afrikanske songarar), er skildra med 18 artar. Dei fleste av artane var tidlegare plassert i songarfamilie Sylviidae, sjølv om ein art, steinhoppar, Achaetops pycnopygius, var plassert i timalfamilien.
  • Orientsongarfamilien, Cettiidae: Ein biologisk familie av 32 små insektetande «songarar». Han samlar dei typiske busksongarar, Cettia, og slektningane deira. Medlemmene finst hovudsakleg i Asia og Afrika, med spreiing til Indonesia i søraust og Europa i nordvest. Slekta Cettia strekkjer seg frå Vest-Europa over Asia til Stillehavsøyane Fiji og Palau.
  • Krattsongar, Scotocercidae: Krattsongar, Scotocerca inquieta, er einaste arten i ein nyleg anerkjent biologisk familie. Han er ein lys, liten art som lever i ørkenaktige område med kratt i Afrika og sørvestlege Asia.
  • Flugesongarfamilien, Erythrocercidae: Ein nyleg godtatt biologisk familie med ei slekt og tre artar som lever i Afrika.
  • Hyliidae: Ein nyleg anerkjent biologisk familie med to «songarar» som lever i Afrika.
  • Stjertmeisfamilien, Aegithalidae: 11 artar små, meiseliknande fuglar med lang hale. Generelt utbreidd i Europa og Asia. Krattmeis lever i Nord- og Mellom-Amerika.
  • Bladsongarfamilien, Phylloscopidae: Dette er no ei einaste slekt Phylloscopus med 80 artar. Tidlegare plassert i oppsamlingstaksonet Sylviidae, songarfamilien.
  • Kjerrsongarfamilien, Acrocephalidae: inneheld seks slekter, med kjerrsongarar som den dominerande slekta med 39 artar, totalt meir enn 55 artar. Acrocephalidae var tidlegare plassert i songarfamilien, Sylviidae, dette er i regelen ganske store «songarar».
  • Sumpsongarfamilien, Locustellidae: 61 små insektetande «songarar», tidlegare plasserte i songarfamilien. Desse fuglane finst hovudsakleg i Eurasia, Afrika, og den australske regionen.
  • Donacobiusfamilien, Donacobiidae: Ein nolevande art, donacobius, på 1980 og 1990-talet oftast klassifisert i gjerdesmettfamilien, no i sin eigen monotypiske familie.
 
Eremittskogtrast (Catharus guttatus) i trastefamilien
Foto: D. Gordon E. Robertson
  • Gassarsongarfamilien, Bernieridae: Elleve artar av små insektetande fuglar, alle endemiske til Madagaskar. Dei fleste lever i fuktig regnskog.
  • Grassongarfamilien, Cisticolidae: Rundt 160 songarar som hovudsakleg lever i varmare og sørlege delar av «den gamle verda», små, lite iaugefallande fuglar i dominerande brun eller grå farge.
  • Songarfamilien, Sylviidae: Finst som hekkefuglar i «den gamle verda», og hovudsak i Europa, Asia og, i mindre grad i Afrika. Tidlegare stort oppsamlingstakson. Per 2021 34 artar i 2 slekter som er klassifisert i denne familien.
  • Buttnebbfamilien, Paradoxornithidae, samlar buttnebb, fulvettaer og andre songarar, totalt ca. 35 artar som tidlegare var plasserte i songarfamilien.
  • Brillefuglfamilien, Zosteropidae: Dette er over 130 artar, små fuglar opptil 15 cm, vanlegvis olivengrøne over og lysegråe under, mange artar ein iaugefallande ring av små kvite fjører rundt auga. Lever i tropiske, subtropiske og tempererte delar av Afrika sør for Sahara, sørlege og austlege Asia og Australasia, på dei fleste tropiske øyane i Indiahavet, vestre delar av Stillehavet, og i Guineabukta.
  • Timalfamilien, Timaliidae: Tidlagere stor og uklår familie som no minkar med flyttingar ut til andre familiar, det gjenstår ikkje meir enn ca. 54 artar. Dei fleste artane liknar songarar, nøtteskrikjer eller trastar.
  • Marktimalfamilien, Pellorneidae: 62 artar i 13 slekter, tidlegare rekna som timalar, men samla i ein ny familie.
  • Alcippeidae: Ein nyleg anerkjent biologisk familie med ei slekt som samlar 10 artar. Dei lever i den orientalske regionen av Asia.
  • Lattertrastfamilien, Leiothrichidae: er ein ny familie av slekta skrikjetrastar, Turdoides, fleire slekter av lattertrastar, sibiaer og nokre fulvettaer. Totalt 133 artar i 16 slekter, alle tidlegare i timalfamilien.

KjelderEndra

Referansar
  1. Sibley, C.G.; Ahlquist, J.E. (1990). Phylogeny and Classification of Birds. A Study in Molecular Evolution. New Haven and London: Yale University Press. 
  2. Alström, P.et al (2006)
  3. Fregin, Silke; Haase, Martin; Olsson, Urban; Alström, Per (2012). «New insights into family relationships within the avian superfamily Sylvioidea (Passeriformes) based on seven molecular markers». BMC Evolutionary Biology 12 (157): 1–12. PMC 3462691. PMID 22920688. doi:10.1186/1471-2148-12-157. 
  4. Cai, Tianlong; Cibois, Alice; Alström, Per; Moyle, Robert G.; Kennedy, Jonathan D.; Shao, Shimiao; Zhang, Ruiying; Irestedt, Martin; Ericson, Per G.P.; Gelang, Magnus; Qu, Yanhua; Lei, Fumin; Fjeldså, Jon (2019). «Near-complete phylogeny and taxonomic revision of the world’s babblers (Aves: Passeriformes)». Molecular Phylogenetics and Evolution 130: 346–356. ISSN 1055-7903. doi:10.1016/j.ympev.2018.10.010. 
  5. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.1). doi : 10.14344/IOC.ML.11.1 Henta 7. mars 2021