Oskar Westerlin

norsk internettpersonlegdom

Oskar Westerlin (fødd 25. april 1998 i Porsgrunn) er ein norsk internettpersonlegdom.[1] Han er fødd og oppvaksen i Porsgrunn, og bur no i Oslo.

Oskar Westerlin
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. april 1998 (25 år)
Porsgrunn
Yrke internettpersonlighet, tiktoker, podkastvert
Språk norsk
Nettstad http://kjoer.no/

Bakgrunn og virke endre

Westerlin starta med TikTok seint 2019. Han vart eit kjent andlet for unge under koronapandemien, og han har brukt blant anna «sinnahumoren» til å bli blant dei største i landet på sosiale plattformer. Han har vorte omtalt fleire gonger i media for innhaldet sitt.[2][3][4]

Frå 2021 til 2022 medverka han i Spårtsklubben på strøymeplattforma VGTV, saman med Jon Martin Henriksen, Ida Fladen, Mads Hansen og Erik Follestad.[5]

Han vann «Årets influenser underholdning» under Vixen Influencer Awards 2021.[6]

TV endre

I 2021 var Westerlin deltakar i ein ny sesong av gameshowet Fangene på fortet.[7]

Westerlin var ein av utfordrarane i TV 2 sin musikalske talentkonkurranse Norges nye megahit.[8] Låten til Westerlin «Harryhandel Halleluja» gjekk inn på Spotify si topp 50-liste og enda på 2. plass i episode 2 av programmet.[9] Han enda på 3. plass i konkurransen.

Kjelder endre

  1. «Oskar Westerlin» (på engelsk). Henta 11. oktober 2021. 
  2. «Oskar (22) kjeftet på naboen - ble TikTok-suksess» (på norsk bokmål). Henta 6. september 2021. 
  3. Andresen, Marie Edholm (21. mars 2021). «(+) Oskar (22) skjelte ut naboen - så tok det helt av» (på norsk). Henta 6. september 2021. 
  4. Skalstad, Teodor (25. november 2020). «(+) TikTok-stjerna med millioner av ukentlige visninger har kjøpt pokémonkort - se den svimlende summen» (på norsk). Henta 6. september 2021. 
  5. «Spårtsklubben #137: Ny programleder og avslørende kjøleskap - VGTV» (på norsk). Henta 6. september 2021. 
  6. Eilertsen, Emma Cecilia Eriksson, Henriette (22. oktober 2021). «Dette er Vixen-vinnerne» (på norsk). Henta 22. oktober 2021. 
  7. AS, TV 2 (12. november 2021), «Disse kjendisene blir å se i «Fangene på fortet»: - Skummelt og vått», TV 2 (på norsk), henta 13. november 2021 
  8. AS, TV 2 (20. november 2021), «Odd-Magnus Williamson røk først ut av Norges nye megahit», TV 2 (på norsk), henta 27. november 2021 
  9. AS, TV 2 (27. november 2021), «Caroline Berg Eriksen ute av Norges nye megahit», TV 2 (på norsk), henta 14. januar 2022 

Bakgrunnsstoff endre