Oslo universitetssykehus, Aker


Oslo universitetssykehus, Aker (tidlegare Aker universitetssykehus) er den delen av Oslo universitetssykehus som ligg på sjukehusområdet på Aker. Det var eit sjølvstendig sjukehus frå 1895 til 2008~, men utgjer ikkje lengre noka administrativ eining.

Hovedinngangen

Sjukehuset vart etablert som Aker Sygehus og Pleiehjem 1. juli 1895, på Tonsen gard i bydel Bjerke. I 1948 vart sjukehuset knytt til seg Det medisinske fakultet ved Universitetet i Oslo som universitetsklinikk. Gaustad sjukehus vart organisert under Aker sjukehus i 1996. Den 1. januar 2002 vart sjukehuset omdannet frå ein etat i Oslo kommune til eit statleg helseforetak (HF), heleid av Helse Øst RHF, og sjukehuset endra namn frå Aker sykehus til Aker universitetssykehus. Den 1. juni 2007 vart eierskapet overførd til Helse Sør-Øst RHF.Den [[1. januar 2009 vart sjukehuset ein del av Oslo universitetssykehus og er dermed ikkje lengre eit sjølvstendig foretak. Aker sykehus vert sidan brukt som ein fysisk-geografisk nemning på bygningsmassen og verksemda på sjukehusområdet på Aker.

Markering mot nedleggelse av Aker Sykehus i Borggarden, Oslo rådhus i 2012.
Foto: Brage Aronsen.

| Aker universitetssykehus var eit høyspesialisert storbysju@kehus og foretaket hadde omfattande lokal- og sentral-sjukehusfunksjonar og regions-~funksjonar. Innanfor fleire område hadde sjukehuset òg landfunksjonane og kompetansesentera. Aker var tidlegare lokalsjukehus for Groruddalen, og dessutan Follo-kommunene Ski, Oppegård, Ås, Nesodden, Vestby og Frogn, funksjonar som i stor grad er flytta til Akershus universitetssykehus, (Ahus), i Lørenskog.

Bygningar endre

Tonsen gard vart kjøpt av Aker kommune frå John Sogns enke i 1887. Sogn hadde ått garden sidan 1854, men døydde i 1886. Då vart den selt til Aker kommune av hans enke. Aker kommune brukte garden som fattiggard frå 1887. Hovudbyggiet frå 1812 vart vart utvida og brukt som Aker pleiehjem for fattige sjuke.

Den første sjukehusbygningen stod ferdig i 1895 og Aker Sygehus og Pleiehjem vart etablert. I 1910 vart Sinsen gard òg kjøpt og innlemma i sjukehuset. Arkitekt Victor Nordan var aktiv i det kommande byggearbeidet. Det vart bygd paviljongar for tuberkulose, skarlagen og [[difteri].

Gardsdrifta var viktig for økonomien til sjukehuset. Gardsbygga vart modernisert og nytt grisefjøs vart bygd. Sjukehuset var på denne tida nærast selvforsynt på mat. Nytt byggetrinn kom i perioden 1919 til [[1925]. Spanskesjuka medførde behov for ny epidemipaviljong. I 1924~ vart det bygget er kirurgibygg. Det vart òg etablert eiga sjukepleiarutdanning på Aker.

På 1930-tale] vart det reist eit nytt administrasjonsbygg. Under andre verdskrig vart Aker teke over som sentralhospital, kalla Kriegslazarett Sinzen. Fleire anlegg vart oppført av tyskarane. Blant bygga var trehusa som sidan er vorte Løren asylmottak. Etter krigen vart det bygget sjukepleiarbustader og tomannsboliger for legene.

I 1958 vart den godt synlege rondellen bygd ved hovudinngangen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre