Osmo Lappo
Osmo Tapio Lappo (fødd 6. desember 1927 i Helsingfors) er ein finsk arkitekt. Han er kjend som ein av Finlands fremste innan betongarkitektur. Han har blant anna teikna brakkeanlegget for garnisonen i Vekarajärvi i Kouvola (1966–75). Det står på Docomomos liste over dei viktigaste moderne byggverka i Finland. Lappos stil er minimalistisk med volummessig enkle bygningseiningar og rimeleg materialbruk.
Osmo Lappo | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 6. desember 1927 (97 år) Helsingfors |
Yrke | arkitekt, universitetslærar |
Han har teikna fleire andre militærbygg, skolar og symjehaller. I 1979 hadde han ansvaret for den nye kontorbygningen til IBM i Helsingfors, og i 1987 kom det eit andre byggetrinn her.
I 1978 fekk Lappo den finske staten sin arkitekturpris. I 1962 fekk han tredjepris i ein konkurranse om nyutforming av Karl Johan-kvartalet i Oslo.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Osmo Lappo» frå Wikipedia på bokmål, den 17. september 2016.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Om Lappo på answers.com.
- Om Lappo Arkivert 2012-03-23 ved Wayback Machine. på nettstaden til det finske arkitekturmuseet.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: