Ospeminermøll

insektart
Ospeminermøll
Ospeminermøll
Ospeminermøll
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Sommarfuglar Lepidoptera
Familie: Gracillariidae
Slekt: Phyllocnistis
Art: Ospeminermøll P. labyrinthella
Vitskapleg namn
Phyllocnistis labyrinthella

Ospeminermøll eller ospeminermol er ein sommarfugl som er vanleg i det meste av Sør-Noreg og Trøndelag. Larvene til ospeminermøllen lever i ospeblad, der dei grev gangar. Desse tunnelane lagar luftfylte lommer i overhuda på blada, og dei blir då sølvgrå. Er trea hardt angripne, får dei ein karakteristisk utsjånad. Angrepa er ikkje farlege for trea, og dei fleste ospetrea er angripne i område der sommarfuglen finst.

Frå baksida ser ein gangane tydeleg.
Foto: Kjetil Lenes

Sommarfuglen er sølvgrå og svart med smale venger og eit vengespenn på 6-7 mm. Dei vaksne sommarfuglane overvintrar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre