Otnes er ein tettstad i Rendalen kommune i Hedmark i Innlandet fylke. Staden har 241 innbyggjarar per 1. januar 2023, og ligg på vestsida av Lomnessjøen, 15 km. sørom Bergset.

Otnes
tettstad
Otnes og Lomnessjøen
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Rendalen
Areal 0,48 km²
Folketal 241  (2023)
Folketettleik 502 / km²
Postnummer 2485 RENDALEN
Preposisjon Otnes
Kart
Otnes i Rendalen
61°45′25″ N 11°10′35″ E
Wikimedia Commons: Otnes (Rendalen)
Ytre Rendal kyrkje

På Otnes ligg helse- og sosialsenteret med sjukeheim og helseadministrasjonen for kommunen. På sjukeheimen er det ei avdeling av Rendalen bibliotek. På Otnes ligg òg Ytre Rendal kyrkje, som er frå 1752.

Staden har bensinstasjon og daglegvarebutikk.

Sjå òg endre

Kjelder endre