Rendalen kommune

kommune i Innlandet

Rendalen er ein kommune i Innlandet fylke. Kommunen grensar i nordvest mot Alvdal og Tynset, i nord mot Tolga, i aust mot Engerdal, i sør mot Trysil og Åmot, og i vest mot Stor-Elvdal.

Rendalen kommune
kommune
Rendalen Kommunehus.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Innlandet
Adm.senter Rendalen
Areal 3 180 km²
 - land 3 072 km²
 - vatn 108 km²
Folketal 1 780 (1. januar 2020)
Målform bokmål
Ordførar Linda Døsen (Ap)
Kommunenr. 3424

Rendalen
61°51′34″ N 11°10′34″ E
NO 3424 Rendalen.svg
Wikimedia Commons: Rendalen
Nettstad: www.rendalen.kommune.no

Rendalen kommune omfattar det meste av Rendalen, ein sidedal til Østerdalen. Kommunen omfattar i tillegg den nordlege delen av Storsjøen, store fjellområde aust for Rendalen og ein mindre del av sjølve Østerdalen. Naturen er karrig med mykje sandgrunn og furuskog. Kommunen er 3174 km2 stor, og er dermed den største i Sør-Noreg. Hovudnæringar er jordbruk og skogbruk, men òg turistnæringa aukar på. På Renåfjellet er det raskt veksande hyttefelt og alpinanlegg. Verdt å sjå i Rendalen er mellom anna Jutulhogget, Bull-museet, Fiskevollen og Sølen.

BileteEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.