Otniel (hebraisk skrift עָתְנִיאֵל) er ei jødisk-ortodoks israelsk busetjing sør i Judeafjella, sør for Hebron på den okkuperte Vestbreidda. Han er underlagt Har Hebron regionale kommune. Det bur kring 130 familiar i Otniel. Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[2] Otniel ligg sør for Beit Hagai og nord for Shim'a og den palestinske landsbyen Samu'a.

Otniel
עָתְנִיאֵל
landsby
Namneopphav: oppkalla etter Othniel Ben Kenaz
Region Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Kommune Har Hebron
Koordinatar 31°26′23″N 35°01′44″E / 31.43972°N 35.02889°E / 31.43972; 35.02889
Folketal 1 044 (2019)[1]
Grunnlagd 1983
Kart
Otniel
31°26′23″N 35°01′44″E / 31.439722222222°N 35.028888888889°E / 31.439722222222; 35.028888888889
Wikimedia Commons: Otniel

Historie endre

Otniel vart grunnlagd i 1983 og kalla opp etter den første bibelske dommaren, Othniel Ben Kenaz.[3]

I desember 2002 vart fire studentar drepne og ti skadde i eit terroråtak mot busetjinga.[4][5][6] I november 2011 vart ein rabbi i Otniel drepen, og to kvinner skadde, då ein patrulje frå Det israelske forsvaret trudde det var misteknte terroristar og opna eld mot bilen deira då dei køyrte til Patriarkgrotta om morgonen.[7]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre