Patriarkgrotta eller Machpelah-grotta (hebraisk מערת המכפלה, Me'arat ha-Machpela, tyder «grotta med doble graver»), av muslimane kjend som Abraham-heilagdomen eller Ibrahimi-moskeen (arabisk الحرم الإبراهيمي, Al-Haram Al-Ibrahimi).

Patriarkgrotta
Ibrahimimoskeen, hebraisk מערת המכפלה, arabisk الحرم الإبراهيمي, Abraham-heilagdomen, Machpelah-grotta
landsby
Sett frå sør
Land  Dei palestinske territoria
Region Vestbreidda
Stad Hebron
 - koordinatar 31°31′29″N 35°06′39″E / 31.524744°N 35.110726°E / 31.524744; 35.110726
Kart
Patriarkgrotta
31°31′29″N 35°06′39″E / 31.524672222222°N 35.110758333333°E / 31.524672222222; 35.110758333333
Wikimedia Commons: Cave of the Patriarchs

Grotta ligg under ein moské frå Saladin-tida og er omgjort frå ein stor, rektangulær struktur frå Herodes-tida, ei rekkje underjordiske kammer i hjartet av gamlebyen i Hebron (Al-Khalil) i Hebronfjella. I følgje tradisjonen er han knytt til både Første Mosebok og Koranen der grotta og området rundt vart kjøpt av Abraham som gravplass. Ein trur at Abraham, Isak, Jakob, Sara, Rebekka og Lea, som vert rekna som patriarkar og matriarkar av jødane, alle er gravlagd der. Den einaste matriarken som manglar er Rakel, som ein trur er gravlagd nær Betlehem der ho døydde under ein fødsel.[1] Det arabiske namnet på grotta syner kor viktig Abraham er for muslimane som ein profet i Koranen og patriark gjennom Ishmael. Utafor bibelske og koranske kjelder er det mange segner og tradisjonar knytte til grotta.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Patriarkgrotta