Ottar Landfald

norsk politikar

Ottar Ingebrigt Landfald (18. mai 191928. desember 2009) var ein norsk politikar, fødd i Verdal i Nord-Trøndelag. Han representerte Hedmark fylke og SenterpartietStortinget frå 1973 til 1981.

Ottar Landfald
Fødd18. mai 1919
Verdal kommune
Død28. desember 2009 (90 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, bonde
Alle verv

Karriere endre

Landfald var son til ein gardbrukar og gjekk sjølv på ein norskdriven jordbruksskule i Sverige i 1943/44. Etter eit førebuande kurs ved Hamar Katedralskole 1945/46 utdanna han seg til sivilagronom ved Norges Landbrukshøgskole 1946–1949. Frå 1950 til 1980 var han gardbrukar på garden Kåterud i Stange, også overlærar ved Jønsberg landbruksskole 1951–1953.

Frå 1956 til 1968 var Landfald medlem i Stange formannskap. Han var formann mellom 1959 og 1970 i kornutvalet til Norges Bondelag, 1961–1965 i Hedmark Bondelag og 1969–1977 i fylkeslandbruksstyret i Hedmark. Seinare var han mellom 1983 og 1989 nestformann i styret i Statens kornforretning.

Valperiodane 1973–1977 og 1977–1981 var Landfald stortingsrepresentant for Senterpartiet og Hedmark. Han var i begge periodane medlem i Forsvarskomiteen.

Landfald vart tildelt Deltakarmedaljen med diplom i 1998.

Kjelder endre