Otto Bartsj (fødd 20. desember 1943) er ein kirgisisk tidlegare kappgjengar frå Bisjkek som representerte Sovjetunionen i dei store internasjonale meisterskapane i tida 1968-78. Han vann sølvmedaljen på 50 km under europameisterskapen i Roma i 1974, etter han vart nummer 4 på distansen både i EM 1969, EM 1971 og Sommar-OL 1972. Og i EM 1978 kom han for fjerde gong på fjerdeplassen på 50-kilometeren.

Otto Bartsj
Statsborgarskap Sovjetunionen, Kirgisistan
Fødd 20. desember 1943 (81 år)
Bisjkek
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 1968, Sommar-OL 1972, Sommar-OL 1976, EM i friidrett 1969, EM i friidrett 1971, EM i friidrett 1974, EM i friidrett 1978

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

endre

Kjelder

endre