Ottokar I av Böhmen
Ottokar I (kring 1158–15. desember 1230) var konge av Böhmen frå 1198 til 1230. Han var son av Vladislav II av Böhmen og Judith av Thüringen.[1] Ottokar var gift med Adelheid av Meissen og seinare med Constance av Ungarn. Han var mellom anna far til Dagmar, som var gift med kong Valdemar Sejr av Danmark, og den heilage Agnes av Böhmen.
Ottokar I av Böhmen | |||
Samtidig relieffutskjering av Ottokar I i St Georgeklosteret i Praha | |||
Kong av Böhmen | |||
Regjeringstid | 1198–1230 | ||
---|---|---|---|
Titlar | Hertug av Böhmen (1192–1193) | ||
Fødd | 1155 | ||
Fødestad | Praha | ||
Død | 15. desember 1230 | ||
Dødsstad | Praha | ||
Gravstad | St. Vitus-katedralen | ||
Føregangar | Vladislav II av Böhmen | ||
Etterfølgjar | Wencel I av Böhmen | ||
Gift med | Adelheid av Meissen, Constance of Hungary | ||
Dynasti | Přemyslidiske dynasti | ||
Far | Vladislav II av Böhmen | ||
Mor | Judith av Thüringen | ||
Born | Dagmar av Danmark, Anne of Bohemia, Duchess of Silesia, Václav I av Böhmen, Anežka Česká, Judith of Bohemia (d. 1230), Vladislaus, Margrave of Moravia, Přemysl, Margrave of Moravia, Božislava, Jadwiga Przemyślidka, Guglielma de Bohême, Vratislav, Vratislav of Bohemia |
Etter langvarig tronfølgjestrid blei Ottokar hertug av Böhmen i 1197, medan broren hans Vladislav Henrik blei markgreve av Mähren. Allereie i 1198 hadde han kongstitel. Gjennom å slutta seg til keisar Fredrik II av Det tysk-romerske riket vann han i 1212 gjennom ein «gyllen bulle» regulering av Böhmen sitt tilhøve til keisarriket. Ottokar verka også for å auka innverknaden sin over dei böhmiske biskopane og for å sikra krona for ætten sin. Dei siste åra av livet hans blei motsetningar mellom det veksande Böhmen og Austerrike tydelege.[2]
Kjelder
endre- ↑ Wihoda 2015.
- ↑ Carlquist, Gunnar: Svensk uppslagsbok. Bd 20, Svensk Uppslagsbok AB, Malmö 1937, s. 1040.
- Wihoda, Martin (2015). Vladislaus Henry: The Formation of Moravian Identity. BRILL. ISBN 978-9004303836.
- Denne artikkelen bygger på «Ottokar I av Böhmen» frå Wikipedia på svensk, den 18. desember 2019.