Dagmar av Danmark

(Omdirigert frå Dagmar av Böhmen)
Denne artikkelen handlar om mellomalderdronninga. For den seinare prinsessa med same namn, sjå Maria Fjodorovna.

Dronning Dagmar av Danmark (d. 24. mai 1212), fødd som prinsesse Margaretha (Markéta) av Böhmen, var ei dansk dronning gift med kong Valdemar Sejr og mor til prins Valdemar den unge.

Dagmar

Statue av dronning Dagmar utført av Herman Wilhelm Bissen.
FøddMarkéta Přemyslovna
1186
Meißen
Død24. mai 1212
Ribe
TittelDronning av Danmark
Regjeringstid1205–1213
Alle titlarkongegemalinne, prinsesse
Hus eller slektHuset Přemysl
GravstadSt. Bendts kirke
LandDanmark
MorAdelheid av Meissen
FarOttokar I av Böhmen
EktefelleValdemar II av Danmark
BarnValdemar den unge

Liv endre

Dagmar (Dragomir) blei fødd i kongsborga Vyšehrad i Praha på slutten 1100-talet. Det nøyaktige fødselsåret hennar er ukjent. Foreldra hennar var Přemysl Ottokar I av Böhmen og den første kona hans, Adelheid av Meissen. Faren blei hertug av Böhmen i 1192, men avsett att i 1193. Familien forlét då Böhmen. Adelheid busette seg med borna hjå broren, Albert av Meissen. Ottokar blei hertug av Böhmen att i 1197. I 1199 fekk han ekteskapet med Adelheid oppløyst på grunn av ulovlege blodsband, og gifta seg med kongsdottera Konstanse av Ungarn. Med henne fekk han ei rekkje nye barn, mellom dei heilage Agnes av Bøhmen,[1] som dermed var Dagmar si halvsyster.

 
Statue av Dagmar i Ribe.

Adelheid godtok ikkje skilsmålet, og kom til Praha for eit kort opphald i 1205. På denne tida blei giftarmålet til Dagmar arrangert. Dagmar blei gift med den danske kongen Valdemar Sejr i Lübeck i 1205. Som soneson av ein helgen (Knud Lavard) kalla han seg «konge av Guds nåde» og dessutan konge over «danskar og slavarar», ettersom han hadde ein poltiisk og religiøs visjon om eit dansk-slavisk storrike. Ekteskapet mellom Valemar og Dagmar var mest truleg ein politisk allianse. Ifølgje Rydårbogen heitte dronninga til Valdemar Sejr «Dragomir», og dette blei fordanska til Dagmar ('Dag-møy') fordi ho var så vakker. Det er tvilsomt at ho opphavleg heitte noko anna enn Markéta.[2]

Ifølgje Rydårbogen medverka ho til å få biskop Valdemar Knudsen av Slesvig lauslaten då pave Innocens III ønskte å få han bringa til Roma i lenker. Dagmar angra truleg på innverknaden, for biskopen flykta og lét seg velja til erkebiskop av Bremen utan paveleg godkjenning i 1207. Trass i ei bannlysing i 1215 fortsette han som erkebisp til 1217, før han gjekk i kloster og seinare gjorde eit nytt forsøk på å bli dansk konge.[3]

Ho fødde Valdemar den unge i 1209. Ho døydde i barsel i 1212 på borga Ribershus i Ribe, og blei gravlagd i St. Bendts kyrkje i Ringsted. Den nyfødde sonen hennar døydde truleg også, han er i alle høve ikkje nemnd seinare.

Valdemar Sejr gifta seg med Berengária av Portugal i 1214. Valdemar den unge blei medkonge for Slesvig i 1218, men omkom ved ei jaktulukke i 1231. Enka hans, Eleonore av Portugal, døydde i barsel nokre månader seinare, så det finst ingen etterkomarar etter Dagmar.

Ettermæle endre

Lite er kjent om dronning Dagmar som person, sjølv om ho er framstilt på ein idealisert måte i mange danske folkeviser. Ifølgje Rydårbogen (1250) påverka ho Valdemar til å sleppa fri fienden sin, biskop Valdemar av Slesvig, i 1206. Omtalen i folkeviser teikner henne gjerne som ei mild, god, gufryktig og mykje omtykt ideell kristen dronning, ein kontrast til den upopulære etterfølgjaren sin Berengaria (Benggerd). På Riberhus er det sett opp ein minnestatue av henne.

Folkeviser endre

 
Minnetavle for dronning Dagmar i St. Bendts kyrkje i Ringsted.

Folkevisa «Dronning Dagmars død» fortel gjennom mange vers om sjukdommen og døden hennar i barsel, og ender med «I Ringsted, der hviler dronning Dagmar».

Folkeviser priste i ettertid dronning Dagmar for hjertelaget, venleiken og omtanken hennar for andre. Med ein einskild søn som døydde så tragisk i ei jaktulukke, stod ho i kontrast til etterfølgjar Berengaria som fekk tre søner som kasta Danmark ut i borgarkrig. Som historiske kjelder er folkevisene av mindre verdi. Dei blei først skrivne ned på 1500-talet, og har eit preg av segn og legende, når Dagmar på dødsleiet åtvarer Valdemar Sejr motd å gifta seg med Berengaria, som er «så besk en blomme», og i staden oppfordrer han til å gifta seg med «liden Kirsten» (som det finst ei grav til utanfor Vestervig Kirke). Elles er «liden Kirsten» fleire stader omtalt som halvsyster til Valdemar den Store, og dermed faster til Valdemar Sejr, som folkevisen no vil ha henne gift med:

I tage liden Kirsten til eders viv
hun er så bold en jomfru.

Det er tale om fem Dagmar-viser:

  • 1. Bøhmerlandsdronningen - Svannings håndskrift.
  • 2. Dronning Dagmar og junker Strange - Karen Brahe, 1570.
  • 3. Dronning Dagmar spås af en havfrue - Anders Sørensen Vedel, 1591.
  • 4. Dronning Dagmar ligger i Ribe syg - Anders Sørensen Vedel, 1591.
  • 5. Dronning Berengaria - Renzels håndskrift. Her viser Dagmar seg for kong Valdemar i ein draum med orda: «Nu haver I fået den beske blomme, som jeg eder spåed', til liden fromme.»

To av Dagmar-visene skildrar brureferda hennar. I den eine blir hr. Strange Ebbesen send som brudesvein til Bøhmen, saman med den unge hr. Oluf Lykke og biskop Peder av Sjælland og hr. Albert av Eskilsø. Dei sigler «over salten sø», kastar anker på sand, og blir tekne imot av kongen av Bøhmen. Hr. Strange speler tavl med Dagmar medan kongeparet diskuterer i lønnkammeret; til slutt blir hr. Strange på vegner av herren sin vigd med Dagmar. Brura går på silke til stranda, og kjem i land ved Mandø, der ho ser kongen koma ridande «på hviden strand». Men ei havfrue spår undervegs om at ho kjem til å mista det unge livet sitt i barsel.

Den tredje folkevisa fortel korleis Dagmar går i forbøn for biskopen av Slesvig, Valdemar Knudsen, som hadde sete i fengsel i 14 år, først i Nordborg Slot og sidan på Søborg Slot ved Gurre, der dronninga fekk medynk med han i 1206. Det enda ulykkele, ettersom han flydde og straks slo seg saman med landet sine fiender.

Dronninga som ein mild og kjærleg person kjem best til uttryk i verselinjene om sjukdommen og døden hennar. Ho går i forbøn for fangane i landet, og ber om å løysa dei frå jerna deira, og skjenka dei fredlause fred. Det dukker opp eit element av nekromantikk i folkevisa, då den døde Dagmar reiser seg, vekka til live av enkemannen si fortviling, men ikkje det spor glad over å vera kalla tilbake til livet:

Hendes øje var blodigt røde:
«Min ædle herre, kong Valdemar,
hvi gjorde I mig den møde?»

«Dronning Dagmars synd» er eit dansk uttrykk henta frå folkevisa der den fromme dronninga frykter ei straft i skærsjelden for å ha pynta seg til søndagsgudstenesta. Uttrykket blir nytta når ein truande får samvitsplager for ei ubetydeleg synd.[4]

Gravstad og Dagmar-krossen endre

 
Gravene til Valdemar Sejr og Dagmar i Skt. Bendts Kirke i Ringsted.
 
Dagmar-krossen

Valdemar Sejr og Dagmar er gravlagde i Skt. Bendts Kirke i Ringsted.

Ein brystkross som er blitt kjend som Dagmar-krossen blei funnen ved grava til dronning Dagmar då denne blei opna rundt 1690. Gullsmykket er av bysantinsk opphav og er danna av eit krusifiks med portrett av Kristus i midten og Basilios den store, Johannes Chrysostomos, jomfru Maria og Johannes evangelisten rundt.[5] Grava blei opna då prosten Christian Blichfeld ønskte å anleggja ei grav til kona si i kyrkja. Gravene til Dagmar og systera til Valdemar Sejr, dronning Richiza, blei opna, og krossen blei funnen. I 1695 blei det innlevert til Det Kongelige Kunstkammer med opplysing om at det var funne i Skt. Bendts Kirke i Ringsted. Det blei difor kalla Dagmar-krossen, men meir sannsynleg stammar det frå grava til Richiza, som blei meir øydelagd i 1683 enn den til Dagmar. Fleire andre kvinner i Valdemar-dynastiet var av austeuropeisk opphav, og kan også ha teke med seg det vesle bysantinske kunstverket.[6]

Fredrik VII fekk opna kongegravene i Skt. Bendts Kirke i 1855, var grava til Dagmar tom.[7]

Den danske prinsessa Dagmar av Danmark (1847-1928), kjend som tsarina Maria Fjodorovna, var kalla opp etter dronning Dagmar.

Kjelder endre

  1. Media, Franciscan (2. mars 2016), «Saint Agnes of Bohemia», Franciscan Media (på engelsk), arkivert frå originalen 14. desember 2018, henta 16. desember 2019 
  2. «Dronning Dagmar», www.historie-online.dk, henta 16. desember 2019 
  3. «Valdemar Knudsen | Gyldendal - Den Store Danske», denstoredanske.dk (på dansk), henta 16. desember 2019 
  4. «synd — ODS», ordnet.dk, henta 16. desember 2019 
  5. Sommerville, Maxwell (1894). The Encyclopaedia Britannica, Volume 6. s. 542. 
  6. 103982@au.dk, «Dagmarkorset ca. 1000-1200», danmarkshistorien.dk (på dansk), henta 16. desember 2019 
  7. «Dagmar | Gyldendal - Den Store Danske», denstoredanske.dk (på dansk), henta 16. desember 2019 

Bakgrunnsstoff endre

  • Mikkel Kirkedahl Nielsen, John H. Lind, Karsten Eskildsen (2012): Dronning Dagmar: tradition, myter og virkelighed. Forlaget Liljebjerget, Ribe.
  • Susanne Benthien (1998): ”Dronning Dagmar-statuen på Ribe Slotsbanke”, By, marsk og geest 10, Ribe, s. 82-92.
  • Josef Žemlička (1989): Století Posledních Přemyslovcu. Český stát a společnost ve 13. století, Panorama Praha, Prag.
  • Fritze Lindahl(1978): ”Dagmarkorset – endnu engang”, Nationalmuseets Arbejdsmark 1978, Nationalmuseet, København, s. 5-16.
  • N.P. Nielsen (1922): Margrethe Dagmar: Danernes Dronning. Tønder Amts Tidendes Bog- og Akcidenstrykkeri.
  • Ellen Jørgensen og Johanne Skovgaard (1910): Danske Dronninger. Fortællinger og karakteristikker, H. Hagerups Forlag, København.
  • A.D. Jørgensen (1898): ”Folkeviser om Historiske Personer”, Jørgensen, A. D., Historiske Afhandlinger, bd. 1, Det nordiske forlag, København, s. 355-373.
  • C.F. Herbst (1858): ”Beretning om den af Hans Majestæt Kong Frederik Den Syvende den 4-6 September 1855 Foretagne Undersøgelse af Kongegravene i Ringsted Kirke”, Worsaae J. J. A. og C. F. Herbst, Kongegravene i Ringsted Kirke. Aabnede, istandsatte og dækkede med nye mindestene ved hans majestæt Kong Frederik den Syvende, Thieles Bogtrykkeri, København, s. 49-72.
  • Karel Jaromir Erben (1857): ”Forsøg til en forklaring af navnet Dagmar”, Antiquarisk Tidsskrift, Det kongelige Nordiske Oldskrift-selskab, Kjøbenhavn, s. 108-112.
  • Frederik Schiern (1854): ”Om Dronning Dagmar”, Nyt Historisk Tidsskrift, København, s. 512-581.
  • Petersen, N.M. (1842), ”Dronning Dagmar”, Annaler for Nordisk Oldkyndighed 1842-1843, Det Kongelige Nordiske Oldskrift-selskab, København, s. 3-22.