Ovčar-Kablar-kløfta

Ovčar-Kablar-kløfta (serbisk Овчарско-кабларска клисура, Ovčarsko-kablarska klisura) er ei kløft vest i Serbia og ein del av dalen som elva Zapadna Morava renn gjennom. Det er bygd over 300 kloster i kløfta sidan 1300-talet og ho er kjend som «det serbiske Áthos».[1]

Ovčar-Kablar-kløfta
dal
Land  Serbia
Wikimedia Commons: Ovčar-Kablar Gorge
Ovčar-Kablar-kløfta

Geografi endre

Ovčar-Kablar-kløfta ligg vest i Serbia, halvvegs mellom byane Čačak (17 km mot aust) og Požega i vest, om lag 155 km sørvest for hovudstaden Beograd.

Kløfta er den smalaste av dalane som Zapadna Morava renn gjennom og eit framhald av Požegaseinkinga i vest. Kløfta held fram ivdare som Čačak-Kraljevo-seinkinga i aust. Kløfta er grove ut mellom det 985 meter høge fjellet Ovčar i sør og det 885 meter høge Kablar i nord. Desse fjella har gjeve kløfta namnet sitt. Elva svingar seg gjennom kløfta i om lag 15 km.

Økonomi endre

Ovčar spa (Ovčar banja) ligg i kløfta, om lag 278 meter over havet. Her finst varmt (37,5 °C), svovelhaldig vatn som vert nytta til behandling av revmatisme og nerve- og hudsjukdommar.[2]

I 1954 vart Zapadna Morava demd opp i kløfta med to demningar og det vart skapt kunstige innnsjøar, Ovčarsjøen, som etter kvart har grodd igjen på grunn av avleiringar som elva har ført med seg.[3] Den andre demninga med kraftverk med ein kapasitet på 7 megawatt, skapte den 1,5 km² store Međuvršjesjøen.

I kløfta går både jernbane og motorveg som knyter sentrale og vestlege område av Serbia saman.

Kloster endre

Dei første kyrkjene vart bygd her tidleg på 1300-talet etter at leigesoldatar frå det katalanske selskapet plyndra det austromerske halvøya Athos i 1307-1309. Det serbisk ortodokse presteskapet flykta frå halvøya og starta bygginga av dei første klostera i kløfta. Fleire prestar kom hit etter det tyrkisk-serbiske slaget ved Marica i 1371. Sidan den gong har over 300[1] kloster, kyrkjer og heilagdomar vorte bygd i kløftet, men i dag er berre ti kloster, ei kyrkje og ei heilag grotte igjen.[3] Dei fleste av dei andre vart øydelagd under osmanarane frå 1400- til 1700-talet.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 D. Šćekić (2006). «Srpska Sveta Gora». Politika (på serbisk). 
  2. 2,0 2,1 Mala Prosvetina Enciklopedija (på serbisk). Beograd: Prosveta. 1986. ISBN 86-07-00001-2. 
  3. 3,0 3,1 Jovan Đ. Marković (1990). Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije (på serbokroatisk). Sarajevo: Svjetlost. ISBN 8601026516.