Ovis

pattedyrslekt
Ovis
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Infraklasse: Placentale pattedyr Placentalia
Overorden: Paraxonia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Kvegdyr Bovidae
Underfamilie: Caprinae
Slekt: Ovis
von Linné, 1758

Ovis er ei dyreslekt som omfattar tamsau og ulike villsauar.

Slekta er ein type sosiale kvegdyr som tygg drøv. Dei har tett bygnad og har ofte horn som veks frå kvarandre og krøller seg til ein spiral. Dei har luktkjertlar på fjesa og føtene. Korleis desse verker er ikkje heilt utforska, men verar kan lukta om søyer er klare til å para seg, og markerer territorium ved å leggja lukt på steinar.

Tamsauen høyrer til slekta. Ein trur at han opphavleg stammar frå vill muflon frå Sentral- og Sørvest-Asia.

Artar endre

Taksonomar reknar i dag med at det finst seks artar og talrike underartar. Nokre av desse underartane er også blitt rekna som eigne artar.

  Ovis ammon Argalisau
  Ovis aries[1] Sau (tamsau)
  Ovis orientalis Muflon
  Ovis orientalis vignei Urialsau
  Ovis canadensis Tjukkhornsau
  Ovis dalli Tynnhornsau
  Ovis nivicola Snøsau

Kjelder endre

Fotnotar

Bakgrunnsstoff endre