Villsau
Villsau kan visa til tamsau som lever halvvilt eller forvilla eller til ville artar frå dyreslekta Ovis eller andre nærskylde dyr.
Viltlevande tamsauer
endreMuflon (Ovis musimon) er ein sauetype som lever vilt på fleire øyar i Middelhavet. Ein reknar med at han er blitt innført i oldtida som tamsau. Soaysau er ein sauetype som har levd vilt på Soay i St Kilda i Skottland i fleire hundre år.
På New Zealand finst det sauer som har levd vilt sidan 1800-talet. Desse er forvilla frå sauer innførte frå Europa, men er i dag gjerne rekna som ein del av dyrelivet i landet. På Hawaii blei muflonar innførte på 1900-talet. I dag lever ville muflonar og hybridavkom etter muflon og forvilla tamsau som trugsmål mot lokale økosystem.
I Noreg finst tamsauer som lever ute heile året og stort sett klarer seg sjølv. Desse er ofte omtalt som villsau, men blir også kalla gammalnorsk sau, steinaldersau, vikingsau, ursau eller utegangarsau. Kjøt frå sauer av denne typen som oppfyller visse krav kan seljast som «Villsau frå Norskekysten».
Ville saueartar
endreVille sauer som aldri har vore tamdyr finst i Afrika, Asia og Amerika. Fleire av desse er rekna som sårbare av IUCN.
- Vestasiatisk muflon (Ovis orientalis eller Ovis orientalis orientalis) lever i dag særleg i Kaukasus. Dei er rekna som det viktigaste opphavet til tamsau. Det finst fleire underartar av sauetypen, som er rekna som truga.
- Urial eller steppesau (Ovis orientalis vigneii) er ei undergruppe av vestasiatisk muflon som lever ved Kaspihavet og på Tibetplatået.
- Argali (Ovis ammon) lever i høglandet i Sentral-Asia, og er blant dei største villsauene. Hannane kan typisk vega 97-182 kg, men nokre har vore over 200 kg. Arten er rekna som nær truga.
- Snøsau (Ovis nivicola) finst nordaust i Sibir og er nært i slekt med tynnhornsau og tjukkhornsau.
- Tynnhornsau (Ovis dalli) lever nord og vest i Nord-Amerika og har ein stabil populasjon.
- Tjukkhornsau (Ovis canadensis) lever lengre sør i Nord-Amerika og har ein stabil populasjon.
- Blåsau (Pseudois nayaur), også kalla bharal og nahor, kjem frå fjellstrøk i India, Tibet og Mongolia og har ein stabil populasjon.
- Mankesau (Ammotragus lervia) lever i tørre fjellstrøk nord i Afrika. Han er rekna som sårbar.
Kjelder
endre- Blix, Anna & Østbye, Eivind. «Sauer» (11. mars 2014), Store norske leksikon.
- Mattilsynet. «”Villsau frå Norskekysten” har blitt beskyttet» Arkivert 2014-11-29 ved Wayback Machine.. Pressemelding (24-11-2010)
- «About Feral Sheep in New Zealand», rarebreeds.co.nz
- «Wild Sheep and Deer in Hawai`i—a Threat to Fragile Ecosystems», usgs.gov
- «Soay and Its Sheep»
- «Ammotragus lervia»; «Ovis ammon»; «Ovis orientalis»; «Pseudois nayaur», iucnredlist.org