Owen Willans Richardson
Sir Owen Willans Richardson (26. april 1879–15. februar 1959) var ein britisk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1928 «for hans arbeid med det termioniske fenomenet, og spesielt for oppdaginga av lova som er kalla opp etter han».[1]
Owen Willans Richardson | |||
Niels Bohr og Richardson (høgre) under Solvary-konferansen i 1927 | |||
Fødd | 26. april 1879 Dewsbury i Yorkshire i England | ||
---|---|---|---|
Død | 15. februar 1959 (79 år) Alton, Hampshire, England | ||
Nasjonalitet | Britisk | ||
Område | fysikk, Termionemisjon | ||
Yrke | fysikar, universitetslærar, teoretisk fysikar | ||
Institusjonar | Princeton University King’s College London | ||
Alma mater | University of Cambridge | ||
Doktorgradsrettleiar | J. J. Thomson | ||
Doktorgradsstudentar | Arthur Compton Clinton Davisson | ||
Kjend for | Edison-Richardson-effekt | ||
Ektefelle | Lilian Wilson, Henriette Rupp | ||
Medlem | Royal Society Kungliga Vetenskapsakademien Det prøyssiske vitskapsakademiet American Philosophical Society |
Nobelprisen i fysikk
1928
Frå 1906 til 1914 var han professor ved Princeton University i USA, og frå 1914 til 1924 professor ved King's College i London. Han vart Research-professor ved Royal Society og Director of Research ved King's College frå 1924 til 1944. Han fekk nobelprisen i fysikk i 1928 for arbeid om elektron som vert sendt ut frå glødande metall, den såkalla Edison-Richardson-effekten, og særskild for oppdaginga av Richardson-lova, som viser korleis elektronstraumen frå overflata av eit metall er avhengig av temperaturen.
Han vart adla i 1939.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Owen Willans Richardson» frå Wikipedia på bokmål, den 19. februar 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Nobelprisen i fysikk 1928» (på engelsk). Nobelprize.org. Henta 7. februar 2011.