Ketisk er det einaste gjenlevande jeniseiske språket, og har omtrent to hundre talarar[1] i Turukhansk- og Bajkit-rajonane i Kraxnojarsk kraj i Sibir i Russland. Dei tre språka jugh, kott og pumpokol høyrde til òg dei jeniseiske språka, men dei har no døydd ut.

Ketisk
Klassifisering Dene-jeniseisk?
 Jeniseisk
  Nordjensiseisk
   Ketisk
Bruk
Tala i  Russland
Ketisktalande i alt 190
Språkkodar
ISO 639-3 ket

Klassifisering endre

I mars 2008 la språkforskaren Edward Vajda fram resultata frå meir enn 10 års forsking på ketisk, og konkluderte med at dei jeniseiske språka er i slekt med na-dené-språka i Nord-Amerika, og dannar med desse familien dene-jeniseiske språk.[2] Avhandlinga til Vajda har blitt vel motteke av forskarar som har studert både jeniseiske språk og na-dené-språk, og av andre anerkjende språkforskarar.

Grammatikk endre

Ketisk skil seg frå alle andre sibirske språk. Der alle naboane er suffikserande språk med postposisjonar, stammeklassar heller enn bøyingsklassar, og utan genusdistinksjonar, står ket i ein klasse for seg. Det har prefiks i staden for suffiks i verbbøyinga, substantiva er delt inn i animata og inanimata, og dei animate er delt inn i maskulin og feminin. Ketisk har også tonem.

Historikk endre

Som alle andre minoritetsspråka i Sovjetunionen fekk ketisk eit skriftspråk på 1930-talet, men det er ikkje mykje i bruk.

Fotnotar endre

  1. "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" Arkivert 2013-03-15 ved Wayback Machine. - Folketeljinga i Russland 2010 oppgjev 210 talarar, Ethnologue på si side oppgjev 190 talarar.
  2. Edward Vajda (Mars 2008). «A Siberian Link with Na-Dene Languages» (PDF) (på engelsk). Dene-Yeniseic Symposium, Fairbanks, Western Washington University. Henta 9. september 2009. 

Bakgrunnsstoff endre