«Pali się»
«Fire of Love (Pali się)»

Song av Tulia
Land Polen
Språk Polsk, engelsk
Utgjeve 23. november 2018
8. mars 2019 (ESC-versjon)
Sjanger Folkrock
Lengd 02:46
Selskap Universal Music Polska
Låtskrivar(ar) Nadia Dalin, Allan Rich, Jude Friedman og Sonia Krasny

«Pali się» (norsk 'det brenn') er ein polsk folkrocksong frå 2018 som vert framført av den polske gruppa Tulia. Ein tospråkleg versjon av songen, «Fire of Love (Pali się)», var det polske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.

Om songen endre

«Pali się» er komponert av Nadia Dalin, medan Allan Rich, Jude Friedman og Sonia Krasny har skrive teksta. Songen vert framført av folkrock-jentegruppa Tulia, og den er den femte singelen til gruppa. Inspirasjonen til songen kom frå den historiske dramafilmen Cold War, regissert av Paweł Pawlikowski.[1] Songen vart utgjeven 23. november 2018 og seinare teken med på deluxe-versjonen av gruppas album Tulia.[2]

Den polske kringkastaren Telewizja Polska valde «Pali się» til det polske bidraget til Eurovision Song Contest 2019. I Eurovision-versjonen er delar av teksta på engelsk, og tittelen vart endra til «Fire of Love (Pali się)». Denne versjonen vart utgjeven 8. mars 2019.[3]

Eurovision Song Contest endre

 
Tulia framfører «Fire of Love (Pali się)» under ei av prøvene i Tel Aviv i 2019.

I januar 2019 vart Polen trekt til å delta i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel tysdag 14. mai, og Polen hadde startnummer 4.[4] «Fire of Love (Pali się)» enda på ellevteplass i sin semifinale, og vart dimed ikkje kvalifisert til finalen laurdag 18. mai.[5]

Strid om musikkvideo endre

Den opphavlege musikkvideoen til «Pali się» viste fleire bilete av ein vegkross, men i Eurovision-versjonen var bileta med denne krossen fjerna. Dette førte i Polen til påstandar om sensur og diskriminering av kristne.[6] Direktør for Telewizja Polska (TVP), Jacek Kurski, bad plateselskapet Universal Music Polska om å bruke den originale versjonen av musikkvideoen.[7] Dei to videoane er nesten identiske, med unntak av at krossen er fjerna i Eurovision-versjonen.[8][9][10]

Plateselskapet til Tulia fortalde at kross-bileta var redigerte bort på grunn av dei strenge restriksjonane kring politiske og religiøse bodskapar i songar og videoar frå Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Plateselskapet sa at det heller ikkje var dei som stod bak den redigerte videoen. Trass dei strenge EBU-restriksjonane kan likevel ein liten figur av Jan av Nepomuk skimtast i bakgrunnen i Eurovision-versjonen.[11]

Referansar endre