Pallava var eit tamilsk rike som fanst frå 200- til 800-talet sør i dagens India. Hovudstaden deira var Kanchipuram, der dei reiste ei rekkje tempel. Dynastiet reiste også kysttempla i Mahabalipuram, ein del av verdsarva.

பல்லவர்
Pallavariket

 

275–888
 

Plasseringa til Pallava
Plasseringa til Pallava
Hovudstad Kanchipuram
Språk Tamil, telugu, sanskrit og fleire andre
Religion Hinduisme, buddhisme og andre.
Styreform Monarki
Historisk periode Mellomalderen
 - Oppretta 275
 - Opphøyrde 888
Tigerholetempelet i Mahabalipuram.

Pallavariket voks fram då Satavahanadynastiet, som dei tidlegare hadde lege under, gjekk tilbake. Riket blei mektigare under styret til Mahendravarman I (571–630) og Narasimhavarman I (630–668). Det dominerte telugu- og dei nordlege delane av tamilregionen i omtrent 600 år, fram til slutten av 800-talet.

Gjennom historia var Pallavariket i stadig konflikt med både Tsjalukyariket i Badami i nord og Tsjola- og Pandyarika i sør. På slutten av 800-talet blei riket endeleg overvunne av Tsjola.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Pallava
  Denne historieartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.