Pallava
(Omdirigert frå Pallavariket)
Pallava var eit tamilsk rike som fanst frå 200- til 800-talet sør i dagens India. Hovudstaden deira var Kanchipuram, der dei reiste ei rekkje tempel. Dynastiet reiste også kysttempla i Mahabalipuram, ein del av verdsarva.
பல்லவர் Pallavariket | ||||
| ||||
---|---|---|---|---|
Hovudstad | Kanchipuram | |||
Språk | Tamil, telugu, sanskrit og fleire andre | |||
Religion | Hinduisme, buddhisme og andre. | |||
Styreform | Monarki | |||
Historisk periode | Mellomalderen | |||
- Oppretta | 275 | |||
- Opphøyrde | 888 |
Pallavariket voks fram då Satavahanadynastiet, som dei tidlegare hadde lege under, gjekk tilbake. Riket blei mektigare under styret til Mahendravarman I (571–630) og Narasimhavarman I (630–668). Det dominerte telugu- og dei nordlege delane av tamilregionen i omtrent 600 år, fram til slutten av 800-talet.
Gjennom historia var Pallavariket i stadig konflikt med både Tsjalukyariket i Badami i nord og Tsjola- og Pandyarika i sør. På slutten av 800-talet blei riket endeleg overvunne av Tsjola.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pallava dynasty» frå Wikipedia på engelsk, og «Pallava-dynastiet» frå Wikipedia på bokmål den 13. september 2014.
Bakgrunnsstoff
endre Denne historieartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.