Liturgiske fargar

(Omdirigert frå Liturgiske fargen)

Liturgiske fargar er ulike fargar brukte som symbol i mange kristne kyrkjer for å markera ulike dagar og tider i kyrkjeåret. Ulike kyrkjesamfunn bruker ulike fargar, og ein del bruker ikkje liturgiske fargar i det heile.

Bruken av dei liturgiske fargane blei utvikla i mellomalderen. Dei har samband med hendingar som blir hugsa ein særsild dag eller tid av året. Ein finn fargen igjen i dekorasjonar i kyrkja, somme tider på lys, og på nokre av kleda til presten og andre leier gudstenesta.

Den normale kyrkjefargen, som blir brukt dersom ein ikkje er inne i ei særskild tid, er grøn. Han står for håp og vokster, og blir mellom anna brukt etter pinse.

Den sterke raudfargen står i kontrast til grønt. Han blir brukt til å markera den heilage anden i pinsen og kyrkja sjølv ved kyrkjejubileum og til ordinasjonar. Fargen står òg for eld og blod, og blir brukt når ein minnest apostlar og martyrar, til dømes ved 2. juledag og Olsok.

Lilla er ein farge som står for sorg, bot og ettertanke. Han blir brukt i adventstida før jul og i fastetida før pinse, på skjærtorsdag og langfredag, og til bots- og bededag. Fargen blir òg brukt ved gravferder.

Kvit er ein gledesfarge som står for lys, reinsle og heilagdom. Han blir brukt i juletida og i vekene etter påskedag. Han kan òg bli brukt ved vigsel.

Hovudfargar i kyrkjeåret

endre

Retningsliner for bruk av liturgiske fargar i Den norske kyrkja vart fastsett av kyrkjemøtet 20.11.2010. Gjennom kyrkjeåret er desse fargane vedtekne:

Liturgiske fargar på spesielle dagar

endre

Bakgrunnsstoff

endre

Symbol i kyrkja

Kjelder

endre