Pamphagidae
Pamphagidae er ei gruppe av rettvengene (Orthoptera) og ei familiegruppe blant grashoppene.
Pamphagidae | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Orden: | Rettvenger Orthoptera |
Underorden: | Caelifera |
Overfamilie: | Acridoidea |
Familie: | Pamphagidae Burmeister, 1840 |
Utsjånad
endreArtar i Pamphagidae er stort sett store (opptil 10 cm lange), kraftige og treige grashopper som ofte liknar på steinar eller borkebitar. Pronotum er kvelva i ein jamn boge, gjerne med ein midtkjøl. Dei fleste har meir eller mindre reduserte venger.
Levevis
endreDei fleste artane lever på relativt tørre stader. Dei er planteeterar, men er ikkje rekna som vesentlege skadedyr ettersom dei nesten aldri er talrike. Mange av artane har svært avgrensa utbreiing og kan vera truga av ulike menneskelege aktivitetar.
Utbreiing
endreFamilien er utbreidd i den gamle verda, med dei fleste artane i Afrika og nokre få i Europa og Asia.
Systematisk inndeling
endreTreliste
- Flygande insekt (Pterygota)
- Neoptera («nyvenger»)
- Orthopteroida
- Orden rettvenger (Orthoptera)
- Underorden grashopper (Caelifera)
- Overfamilie Acridoidea
- Familie Pamphagidae Burmeister, 1840.॥॥40.
- Underfamilie Akicerinae Bolívar, 1916 – 39 artar. I Europa:
- Slekta Glyphanus Fieber, 1853 – éin art i Europa
- Underfamilie Echinotropinae Dirsh, 1961 – 9 artar
- Underfamilie Nocarodesinae Bolívar, 1916 – 48 artar. I Europa:
- Slekta Paranocaracris Mistshenko, 1951 – éin art i Europa
- Underfamilie Orchaminae Zhang, Daochuan, Hong Yin & Yin, 2003 – 39 artar. I Europa:
- Slekta Acinipe Rambur, 1838 – 11 artar i Europa
- Slekta Eumigus Bolívar, 1878 – 5 artar i Europa
- Slekta Orchamus Stål, 1876 – 3 artar i Europa
- Underfamilie Pamphaginae Burmeister, 1840 – 106 artar. I Europa:
- Slekta Acrostira Enderlein, 1929 – 3 artar i Europa
- Slekta Euryparyphes Fischer, 1853 – 3 artar i Europa
- Slekta Kurtharzia Gomez, Llorente & Presa, 1981 – 2 artar i Europa
- Slekta Ocneridia Bolívar, 1912 – éin art i Europa
- Slekta Ocnerodes Brunner von Wattenwyl, 1882 – 4 artar i Europa
- Slekta Pamphagus Thunberg, 1815 – 3 artar i Europa
- Slekta Pupuraria Enderlein, 1929 – éin art i Europa
- Underfamilie Porthetinae Bolívar, 1916 – 50 artar
- Underfamilie Prionotropisinae Zhang, Daochuan, Hong Yin & Yin, 2003 – 104 artar. I Europa:
- Slekta Asiotmethis Uvarov, 1943 – 3 artar i Europa
- Slekta Glyphotmethis Bei-Bienko, 1951 – 2 artar i Europa
- Slekta Prionotropis Fieber, 1853 – 4 artar i Europa
- Underfamilie Tropidaucheninae Zhang, Daochuan, Hong Yin & Yin, 2003 – 59 artar. I Europa:
- Slekta Paranocarodes Bolívar, 1916 – 3 artar i Europa
- Slekta Neotmethis Usmani, 2008 – éin art
- Slekta Utubius Uvarov, 1936 – éin art
- Underfamilie Akicerinae Bolívar, 1916 – 39 artar. I Europa:
- Familie Pamphagidae Burmeister, 1840.॥॥40.
- Overfamilie Acridoidea
- Underorden grashopper (Caelifera)
- Orden rettvenger (Orthoptera)
- Orthopteroida
- Neoptera («nyvenger»)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pamphagidae» frå Wikipedia på bokmål, den 9. august 2022.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Liste over artane, frå Orthoptera Species File Online
- Fauna Europaea, utbreiingsdatabase for europeiske insekt