Panfløyte

(Omdirigert frå Panfløyta)

Panfløyte (gresk syrinx) er eit musikkinstrument samansett av ein serie parallelle røyr av ulik lengd, opne i øvste enden og lukka i andre enden. Ved at fløytespelaren held munnen inntil kanten av opninga på kvart av røyra og presser ned i dei ein luftstraum i ei vald rekkefølgje, gjev dei ulike lengdene på røyra ulike toner i ein melodi.

Panfløyte

Klassifiseringend-blown flute, duct flute
Hornbostel-Sachs klassifisering421.112

Instrument av dette slaget er særs gamle og kjende frå mange område kringom i verda. Dei er laga av ulike materiale og i mange ulike utformingar, og med mange ulike nemningar. Nemninga panfløyte er europeisk, og har opphav i at den antikke greske skogsguden Pan hadde ei slik fløyte som sitt musikkinstrument. Det vanligaste naturmaterialet for å lage panfløyter av, er bambus, som høver godt til føremålet.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Panfløyte