Paradise Harbor

(Omdirigert frå Paradise Bay)

Paradise Harbor, også kalla Paradise Bay, er ei brei vik bak Lemaire og Bryde Island, på vestkysten av Graham Land mellom Duthiers og Leniz Point. Namnet vart nytta av kvalfangarar som opererte i nærleiken og var i bruk i 1920. No vert Paradise Harbor saman med Neko Harbour ofte nytta som stoppestader for cruiseskip i området. Det var her to hurtigruteskip møtte kvarandre på den sørlege halvkula for første gong, då MS «Nordnorge» og MS «Nordkapp» begge kom til Paradise Harbor den 5. desember 2005.[1]

Paradise Harbor
bukt
«National Geographic Endeavour» går gjennom Paradise Harbor i februar 2001.
Land  Antarktis
Stad Graham Land
 - koordinatar 64°51′S 62°54′W / 64.850°S 62.900°W / -64.850; -62.900
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Paradise Harbor
64°51′S 62°54′W / 64.85°S 62.9°W / -64.85; -62.9
Paradise Harbor is located in Antarktis
Paradise Harbor (Antarktis)
Wikimedia Commons: Paradise Bay

Den argentinske forskingsbasen Almirante Brown-basen den chilenske González Videla-basen ligg ved kysten av Paradise Harbor. Ein minnestein etter Jostein Helgestad, som omkom på den tredje sørpolsekspedisjonen til Monica Kristensen Solås i 1993, er reist nær den argentinske stasjonen.[2]

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Historisk møte i Antarktis[daud lenkje]. Avisa Nordland
  2. Jeff Rubin (2005). Antarctica (på engelsk). Lonely Planet. s. 223. ISBN 1741045495. 
  • Paradise Harbour, SCAR Composite Gazetteer of Antarctica, henta 10. februar 2016 
  • Paradise Harbor, SCAR Composite Gazetteer of Antarctica, henta 10. februar 2016 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Paradise Harbor» (innhald frå Geographic Names Information System).