González Videla-basen
González Videla-basen var ein chilensk forskingsstasjon på det antarktiske fastlandet ved Waterboat Point i Paradise Bay, kalla opp etter den chilenske president Gabriel González Videla, som i 1940-åra vart den første statsleiaren som vitja Antarktis. Stasjonen var aktiv frå 1951–58 og ei kort stund tidleg i 1980-åra. Han er no ein «inaktiv» base, med brense og fyrsiningslager i bygningar for krisesituasjonar, eller i tilfelle basen vert nytta att i framtida. Han vert stundom vitja om sommaren av grupper frå Chile og turistar.
González Videla-basen | |||
stasjon | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 64°49′S 62°52′W / 64.817°S 62.867°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
González Videla-basen 64°49′00″S 62°52′00″W / 64.8167°S 62.8667°W | |||
Wikimedia Commons: Gabriel González Videla Station |
På nordsida av stasjon står eit skilt som syner at dette er Waterboat Point og ein offisiell historisk stad under Antarktistraktaten.
To menn overvintra her i eitt år og ein dag i 1921-1922. Dei to mennene, Thomas Bagshawe og M.C. Lester, var ein del av British Imperial Expedition, men prosjektet deira, der dei mellom anna skulle fly fleire fly til Sørpolen, vart skrinlagd. Likevel valde dei å vere her heile vinteren og søkte ly i ein gammal kvalbåt dei fann her. Bagshawe skreiv i løpet av året den første vitskaplege studien av hekkinga til pingvinar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «González Videla Antarctic Base» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mars 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Antarctica. Sydney: Reader's Digest, 1985, pp. 230–231,
- Lonely Planet, Antarctica: a Lonely Planet Travel Survival Kit, Oakland, CA: Lonely Planet Publications, 1996.
- Stewart, Andrew, Antarktis: An Encyclopedia. London: McFarland and Co., 1990 (2 volumes), pp. 394, 1080.
- U.S. National Science Foundation, Geographic Names of Antarctica, Fred G. Alberts, ed. Washington: NSF, 1980.
Bakgrunnsstoff
endre- Official website Det chilenske antarktiske instituttet Arkivert 2011-02-21 ved Wayback Machine.
- COMNAP Antarktis Facilities Arkivert 2011-07-20 ved Wayback Machine.
- COMNAP Antarktis Facilities Map Arkivert 2011-02-20 ved Wayback Machine.