Park Chung-hee

(Omdirigert frå Park Chung Hee)

Park Chung-hee (14. november 191726. oktober 1979) var president i Sør-Korea frå 1963, då han tok makta i eit militærkupp, til 1979 då han døydde etter eit attentat.

Park Chung-hee

President i Sør-Korea
Periode1963-1979
PartiDet demokratisk-republikanske parti
Fødd14. november 1917
FødestadGumi
Død26. oktober 1979
DødsstadJongno-gu
MorBaek Nam-ui
FarPark Seong-bin
EktefelleYuk Young-soo, Kim Ho Nam
BarnPark Geun-ryeong, Park Ji-man, Park Geun-hye, Park Jae-ok

Tilhengarar framhevar at Sør-Korea vart modernisert og opplevde ein svært sterk industriell og økonomisk vekst i perioden hans som gjorde sitt også etter at han vart myrda til at Sør-Korea står fram i dag som ein av verdas største økonomiar, eit land som etter Koreakrigen i 1950-1953 var eit av verdas fattigaste. Gruppa av motstandarar er og veldig stor, ein av dei som kjempa mot det dei kalla eit brutalt diktatur var Kim Yong-sam, Kim Dae-jung som seinare sjølv vart president. Denne gruppa klagar over dårlege menneskerettar, eit brutalt ikkje-demokratisk styre og at han tente den japanske hæren under andre verdskrigen. Motstandarar av styret hans risikerte å verta fengsla, torturert og/eller drepne.

Dottera hans, Park Geun-hye, vart president i Sør-Korea i februar 2013.

Liv endre

Bakgrunn endre

Park Chung-hee var fødd i 1917 i Gumi i provinsen Nord-Gyeongsang under den japanske koloniseringa av Korea. Han var den yngste sonen til Park Seong-bin og Baek Nam-hui, som var høvesvis 46 og 45 år gamle då sonen vart fødd. Han hadde seks eldre søsken. Familien var ein ubetydeleg del av Goryeong Bak-klanen, og levde som fattige jordbrukarar.[1][2] Park Chung-hee var truande buddhist.[2]

 
Park Chung-hee som japansk offiser.

I 1932 vart Park Chung-hee tatt opp som student ved lærarseminaret i Daegu. Etter fem års studium vart han uteksaminert med toppkarakterar i 1937.[1] Ungdomsåra hans fall saman med den japanske invasjonen av Kina, som byrja med Mukdenhendinga i 1931 og kulminerte med utbrotet av den andre kinesisk-japanske krigen i 1937. Etter studiane underviste Park i fleire år i Mungyeong, der skulen no er verna som museum.

Militær karriere endre

I april 1940 vart Park immatrikulert ved Mandsjukuos keisarlige armé-akademiet i Mandsjukuo, og fullførte den militære utdanninga si med toppkarakterar i 1942. Han vart straks plukka ut til offiserkurs ved krigsskulen til den japanske hæren i sjølve Japan. Etter å ha blitt den tredje beste eleven i sin klasse, vart han forfremmja til løytnant i 8. infanteridivisjon av Mandsjukuos keisarlege armé, og tenestegjorde der i den gjenverande tiden av andre verdskrigen. Det japanske namnet hans var Takagi Masao (japansk 高木正雄).

Etter krigen heldt han fram som offiser i det sørkoreanske militæret. Han vart utvist frå militæret i 1948, då han vart anklaga for å ha deltatt i ei kommunistisk celle. Park var medlem av det sørkoreanske arbeidarpartiet på denne tida, men det vart aldri bevist at han deltok i noka celle.[3] Under Koreakrigen vart han teken opp att i militæret og spesialiserte seg innan logistikk. Han fekk eitt års amerikansk spesialtrening ved Fort Sill i Oklahoma. Park steig jamt i gradene i den sørkoreanske hæren, og vart generalløytnant våren 1961.

I mai 1961 leidde han saman med Kim Jong-pil eit statskupp som avsette den demokratisk valde regjeringa, og i 1963 vart han formelt vald til president av Sør-Korea

Attentat og død endre

 
Gravstaden til Park Chung-hee.

Han vart forsøkt drept av nordkoreanske agentar den 21. januar 1968 og 15. august 1974. Ved det fyrste høvet vart attentatet avverja, men det kosta 29 nordkoreanarar, 26 sørkoreanarar og 4 amerikanarar livet.[4] I 1974 heldt Park ein tale i nasjonalteateret, og ein antatt nordkoreansk agent, Mun Se-gwang, lausna skot frå fyrste rad. Park vart ikkje treft, men kona hans, Yuk Young-soo, og ei korjente blei råka, og døydde same dagen. Park heldt fram talen medan den døyande kona hans vart boren bort frå scenen. Han uttalte seinare at han ofte hadde tenkt på at ektefellen kunne ha vore i live om han ikkje hadde stilt til gjenval i 1971.[5]

26. oktober 1979 vart Park skoten og drepen av generalløytnant Kim Jae-kyu, direktøren for etterretningstenesta. Kim hevda at Park var eit hinder for demokrati, og at drapet var utført i patriotisk and. Etter at Kim hadde skote presidenten og sjefen for livvaktene hans, drap agentane til Kim endå fire av livvaktene til presidenten før gruppa vart stoppa. Kim vart dømt til døden for drapet, og vart hengd den 24. mai 1980.

Park Chung-hee er gravlagd på Seoul nasjonale gravlund.[6]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Park Chung Hee». Encyclopædia Britannica (på engelsk). Henta 28. mai 2012. 
  2. 2,0 2,1 «A Very Tough Peasant». Time (på engelsk). 5. november 1979. Arkivert frå originalen 24. mai 2012. Henta 27. mai 2012. 
  3. Yong-sup Han (2011). «The May Sixteenth Military Coup». I Kim Byung-kook; Vogel, Ezra F. The Park Chung-hee Era: The Transformation of South Korea (på engelsk). Harvard University Press. s. 36. ISBN 0-674-05820-8. 
  4. Bolger, Daniel P. (1991). Scenes from an Unfinished War: Low Intensity Conflict in Korea, 1966-1969 (på engelsk). Diane Publishing Company. ISBN 0-7881-1208-2. 
  5. Gregg, Donald (23. august 1999). «Park Chung Hee». Time (på engelsk). Arkivert frå originalen 27. mai 2012. Henta 27. mai 2012. 
  6. «Gen Chung Hee Park» (på engelsk). findagrave.com. Henta 27. mai 2012.