Partitur
Eit partitur er eit notehefte som inneheld alle stemmane i eit musikkverk. Alle stemmane er stilte opp under kvarandre slik at taktstrekane følgjer ei rett loddrett linje. Ordet kan i prinsippet gjelda kva slags musikalsk sats som helst, berre han blir skriven på fleire enn eitt system, men vanlegvis blir omgrepet nytta om verk for fleire enn to-tre musikarar — strykekvartettar, symfoniorkester, kor og liknande. I eit orkester er det vanlegvis berre dirigenten som har partitur, musikarane har berre dei notane dei sjølv spelar for at dei skal sleppa å bla så mykje.
Partituroppsett til ulike orkester
endreBarokkorkester
endreKva instrument som er med i eit barokkorkester varierer; oppsettet nedanfor er eit eksempel:
- 1-2 fløyter
- 1-3 oboar
- 1-2 fagottar
- 1-3 trompetar
- 1 pauke
- 1-2 kontrabassar
- 2-4 fyrstefiolinar
- 2-4 andrefiolinar
- 2 celloar
- 1 kontrabass
- 1-2 cembaloar
Klassisk orkester
endreEit wienerklassisk orkester (det vil seia slik som Haydn, Mozart og Beethoven skreiv for) pleier å ha følgjande stemmar i partituret. Stemmane er vanlegvis ordna i denne rekkjefølgja.
- 1-2 fløyter
- 2 oboar
- 2 klarinettar
- 2 fagottar
- 2 valthorn
- 2 trompetar
- 1 trombone
- 1 tuba (noko sjeldan)
- Strykeseksjonen:
- 6 fyrstefiolinar
- 6 andrefiolinar
- 4 bratsjar
- 3 celloar
- 3 kontrabassar
Romantisk orkester/Stort moderne orkester
endreStor orkester for Der Ring des Nibelungen
endrePartituret til Richard Wagners Der Ring des Nibelungen eksemplifiserer eit større orkester. Partituret gir notasjon for:
- 4 fløyter
- 3 oboar
- 1 engelsk horn
- 3 klarinettar
- 1 bassklarinett
- 3 fagottar
- 2 paukar
- 3 trompetar
- 1 basstrompet
- 3 trombonar
- 1 basstrombone
- 8 valthorn
- 5 wagnertubaer
- 8 harper
- Strykeseksjon med:
- 16 fyrstefiolinar
- 16 andrefiolinar
- 12 bratsjar
- 12 celloar
- 8 kontrabassar
pluss kor og vokalistar.
Til saman er det då noter for 110 medverkande i orkesteret.
Normalstort orkester
endreDer Ring des Nibelungen-orkesteret er eit større orkesteret enn vanleg. Eit partitur for ein vanleg besetning gir noter for:
- 3 fløyter
- 1 pikkolofløyte (der ein fløytist alternerer mellom fløyte og pikkolofløyte)
- 3 oboar
- 1 engelsk horn (der ein oboist alternerer mellom obo og engelsk horn)
- 3 klarinettar
- 1 bassklarinett (der ein klarinettist alternerer mellom klarinett og bassklarinett)
- 2 fagottar
- 4 valthorn
- 3 trompetar
- 3 trombonar
- 1 tuba
- 1 pauke
- 3 slagverkarar
- 1 harpe
- strykeseksjon med:
- 16 fyrstefiolinar
- 14 andrefiolinar
- 12 bratsjar
- 10 celloar
- 8 kontrabassar
Kjelde
endre- Denne artikkelen bygger på «Partitur» frå Wikipedia på svensk, den 24. juni 2009.