Pascua Lama
Pascua-Lama er eit gruveprosjekt som tek sikte på å hente ut gull,sølv, kopar og andre mineral. Pascua Lama ligg i Andesfjella, sør forAtacama, på grensa mellom Chile og Argentina, i ei høgde på over 4,500 moh. Utviklar er Barric Gold, verdas største gruveselskap med hovudkvarter i Toronto. På grunn av nærleiken til isbrear har Pascua Lama prosjektet vore møtt med motstand og demonstrasjonar i Chile. Likevel har både Chile og Argentina godkjent prosjektet, etter omstridde, men også grundige, miljøutreingar.
Det er estimert at Pascua-Lama har 482 tonn gull og 18 tusen tonn sølv med 75 % av avsetninga i Chile og 25% i Argentina. Gruva er planlagt å gravast som dagbrudd. Arbeidet tek til i 2013. Det er estimert at prosjektet på det meste vil skape arbeidsstad for 5 500 personar.
Kjelde
endre- Denne artikkelen bygger på «Pascua Lama» frå Wikipedia på engelsk, den 8. august 2011.