Patrik Andersson

svensk fotballspelar

Patrik Andersson (fødd 18. august 1971) er ein svensk tidlegare fotballspelar frå Borgeby som vann VM-bronse i 1994 med Sverige, han hadde elles suksess med dei tyske klubbane Bayern München, Borussia Mönchengladbach og svenske Malmö FF. Andersson var forsvarsspelar og vart kåra til årets svenske fotballspelar i 1995 og 2001.

Patrik Andersson


Statsborgarskap Sverige
Fødd 18. august 1971 (52 år)
Borgeby
Idrett fotball
Tok del i

Sommar-OL 1992, VM i fotball 2002, VM i fotball 1994, EM i fotball 1992, EM i fotball 2000

Utmerkingar

Guldbollen, Guldbollen

Klubbspel endre

Andersson var Malmö FF-spelar frå 1988 til han i desember 1992 vart overført til engelske Blackburn Rovers. Allereie i oktober 1993 gjekk han over til tyske Borussia Mönchengladbach, der han i 1995 var med å vinne den tyske cupen. I 1999 fekk han kontrakt med storklubben Bayern München. Med Bayern vann han i 2000 både bundesligaen og den tyske cupen. Året etter forsvarte Bayern og Andersson den tyske ligameistertittelen. Straks etter, den 23. mai 2001, deltok Andersson då Valencia CF og FC Bayern spelte 1-1 i meisterligafinalen. I den etterfylgjande straffetevlinga mislukkast Andersson som Bayerns fjerde eksekutør, Bayern vann likevel meisterpokalen då dei tre neste Bayern-straffene gjekk i mål og Valencias sjuande straffeskytar missa. Same sommaren vart Andersson overført til FC Barcelona. Han slo ikkje gjennom i den spanske storklubben og ved utgangen av 2003 vart han løyst frå kontrakten og reiste heim til Malmö FF. Med Malmö FF vann han Allsvenskan 2004. Han la opp i august 2005, etter at han slo opp ein tidlegare kneskade.

Landslagsspel endre

Andersson landslagsdebuterte i januar 1992 då Sverige var på tur i Australia, der heimelaget påførte gjestane to 0-1-tap. Sommaren same året deltok han i juni månad i tre av kampane då Sverige på heimebane spelte seg fram til semifinale i europameisterskapen. Seinare sommaren 1992 var han kaptein på det svenske landslaget som deltok i Sommar-OL i Barcelona. I verdsmeisterskapen 1994 spelte han alle kampane for eit svensk landslag som overraska stort og til sist sikra seg bronsepokalen etter siger 4-0 mot Bulgaria. Frå april 1998 til han spelte sin 96. og siste landskamp i mai 2002 var Andersson lagkaptein for Sverige. I den sjølvsame perioden deltok han i Fotball-EM 2000, ein meisterskap der Sverige som best fekk eit uavgjortresultat mot Tyrkia. Han skåra 3 landslagsmål.

Merittar endre

  • VM-bronse: 1994 for Sverige
  • Vinnar av meisterligaen: 2001 med Bayern München
  • Tysk cupmeister: 1995 med Borussia Mönchengladbach og 2000 med Bayern München
  • Tysk seriemeister: 2000 og 2001 med Bayern München
  • Svensk seriemeister: 2004 med Malmö FF

Kjelder endre