Paul-Henri Campbell
Paul-Henri Campbell (fødd i 1982) er ein tysk-amerikansk, tospråkleg forfattar av poesi og prosa på engelsk og tysk.[1]
Paul-Henri Campbell | |
Statsborgarskap | USA, Tyskland |
Fødd | 1982 (42 år) Boston |
Yrke | lyrikar, skribent |
Paul-Henri Campbell på Commons |
Arbeidet hans har ført han på leit etter moderne mytologiar. Han omtalar tilnærminga si som mytisk realisme.[2] Campbell har hatt tekstar publiserte i tyske og amerikanske litteraturtidskrift som Lichtungen, World Literature Today, Hessischer Literaturebote, Akzente, entwürfe og Cordite Poetry Review.[3][4][5][6][7]
Liv
endreCampbell blei fødd i Boston i Massachusetts i 1982 som son av ein tidlegare offiser i den amerikanske hæren og ein tysk sjukepleiar. Han voks opp i Massachusetts og flytta med familien til Tyskland, der han fullførte avgangseksamen (Abitur) i Bayern.[8] Campbell blei fødd med ein alvorleg hjartesjukdom, og har hatt ein pacemaker sidan han var 24.[9] Han fekk òg ein livstruande hjernesvulst fjerna ved Boston Children's Hospital då han var 10, og har hatt epilepsi sidan.[10][11]
Campbell studerte klassisk filologi, med fokus på gammalgresk og katolsk teologi ved National University of Ireland i Maynooth og ved Goethe universitet i Frankfurt am Main.[10]
Verk
endreCampbell er hovudsakleg ein poet.[12] For diktsamlinga nach den narkosen (‘etter narkosen’) frå 2017 fekk han den bayerske kunst- og litteraturprisen. Boka blei også oppført av Gregor Dotzauer ved Literaturhaus Berlin som ei av dei ti beste diktsamlingane i 2017, og anbefalt av Det tyske språk- og litteraturakademiet for 2018 av Uljana Wolf.[13][14]
Etter å ha teke for seg tema som romfart, Pontiac Firebird Trans-Am, A-train i New York, hangarskipet USS «Kitty Hawk» og flyet Concorde, har poesien hans gått over til tema som det å leva med funksjonshemming og det å leva eit «kunstig liv».[15][16] Campbell byggjer på si eiga erfaring med hjartedefekt og det å vera avhengig av pacemaker.[17] I referanse til Judith Butler sin idé om heteronormativitet har Campbell skapt termen «salutonormativitet», som byggjer på at allmenn diskurs byrjar frå perspektivet om eit sunt liv – institusjonar, lovar, idear om eit godt liv og sjølve språk er dominert av helse.[18][19] I nach den narkosen fokuserer Campbell på skrøpeleg, utilstrekkeleg, sjukt og infisert språk. Poesien hans stiller spørsmål ved paradigmet om sunt språk.[20]
Etter å ha arbeidd med den Leipzig-baserte målaren Aris Kalaizis i fleire år[19] gav Campbell ut fleire essay om samtidig målarkunst, særleg om målarar frå det tidlegare Aust-Tyskland, som Hartwig Ebersbach, Arno Rink, Michael Morgner, Sighard Gille og Aris Kalaizis.[21]
I januar 2013 blei Paul-Henri Campbell med i redaksjonen til DAS GEDICHT, eit av dei største poesitidsskrifta på tysk. Saman med Michael Augustin og Anton G. Leitner starta han den årlege antologien DAS GEDICHT chapbook. German Poetry Now. Målet er å presentere moderne tysk poesi til eit internasjonalt publikum i engelsk omsetjing.[22]
Prisar og utmerkingar
endreVerk
endreForfattar
endre- Duktus Operandi. Poetry, ATHENA-Verlag, Oberhausen 2010.
- Meinwahnstraße. Short Stories, fhl-Verlag, Leipzig 2011.
- Space Race. Gedichte: Poems, fhl-Verlag, Leipzig 2012.[28]
- space race. Gedichte, (ny utgåve), Allitera Verlag, München 2015.
- Benedikt XVI. Audio Book, (spelt inn av Andreas Herrler og Mirko Kasimir), Monarda Publishing House, Halle/Saale 2012.[29]
- At the End of Days | Am Ende der Zeilen. Gedichte:Poetry, fhl-Verlag, Leipzig 2013.[30][31][32]
- nach den narkosen | after anesthesia. Wunderhorn Verlag, Heidelberg 2017.
- Tattoo & Religion. Die bunten Kathedralen des Selbst. Heidelberg 2019, ISBN 978-3-88423-606-2.
Redaktør/omsetjar
endre- Paul-Henri Campbell (red.): Sottorealism. Aris Kalaizis, Imhof-Verlag, Petersberg 2013.
- Ludwig Steinherr: All Ears, Lyrikedition 2000, München 2013 (oms. av Paul-Henri Campbell).
- Michael Augustin, Anton G. Leitner, Paul-Henri Campbell (red.): DAS GEDICHT chapbook. German Poetry Now, Weßling/München 2014.[33]
- Alexandru Bulucz, Leonhard Keidel, Paul-Henri Campbell (red.): "Es ist so dunkel, dass die Menschen leuchten." Zum Werk von Werner Söllner, "Die Wiederholung", Heidelberg 2017.[34]
- Ludwig Steinherr: Light Song / Lichtgesang. Oms. av Paul-Henri Campbell. Lyrikedition 2000, München 2017.[35]
- Michael Braun, Paul-Henri Campbell (red.): Lyrik-Taschenkalender 2018, Wunderhorn Verlag, Heidelberg 2017.[36]
Kjelder
endre- ↑ deutschlandfunk.de, «Lyrikgespräch - Krankheit und Schweigen», Deutschlandfunk (på tysk), henta 31. juli 2023
- ↑ «Leipziger Autoren zur Buchmesse: Mythologisch und realistisch - Paul-Henri Campbell». Leipziger Internet Zeitung. 1. mars 2012. Henta 16. september 2012.
- ↑ «WLT's 2013 Pushcart Prize Nominees». worldliteraturetoday.org. 4 December 2013. Henta 7 April 2018.
- ↑ «Paul-Henri Campbell». Cordite Poetry Review. Henta 7 April 2018.
- ↑ «LITERATUR-Lichtungen, Vol. 130 No. XXXIII». Arkivert frå originalen 18. juni 2012. Henta 16. september 2012.
- ↑ «Die Legende des Fresh Kills Landfills, Staten Island-entwürfe, Vol. 66». entwuerfe.ch. Arkivert frå originalen 13. desember 2013. Henta 16. september 2012.
- ↑ etcetera, etcetera, Jubiläumsausgabe Nr. 50 Arkivert 2013-12-12 ved Wayback Machine. , Essay: Literatur vor 2045, November 2012
- ↑ Sabrina Barretoa. «Author's Profile». fhl-Verlag German Publisher. Arkivert frå originalen 16. desember 2012. Henta 16. september 2012.
- ↑ «Interview with Paul-Henri Campbell». elevenelevenjournal.com (på engelsk). Henta 17. november 2017.
- ↑ 10,0 10,1 «Amerikaner dichtet auf Deutsch». Mitteldeutsche Zeitung. Henta 16. september 2012.
- ↑ «Interview mit Paul-Henri Campbell in Marias Nachtgespräch». Regio-TV-Stream.de. Henta 16. september 2012.[daud lenkje]
- ↑ Wunderhorn, Verlag Das. «Paul-Henri Campbel· Verlag Das Wunderhorn». www.wunderhorn.de (på engelsk). Arkivert frå originalen 18. november 2017. Henta 17. november 2017.
- ↑ Wiesner, Herbert (27. desember 2017). «Die besten Gedichte des Jahres 2017». DIE WELT. Henta 20. mars 2018.
- ↑ «Lyrik-Empfehlungen 2018». www.lyrik-empfehlungen.de (på tysk). Henta 20. mars 2018.
- ↑ Main-Echo, Sprachliche Schwerelosigkeit, May 5, 2012
- ↑ Weber, Antje (13. august 2017). «Gesund ist das nicht». sueddeutsche.de (på tysk). ISSN 0174-4917. Henta 17. november 2017.
- ↑ «Lyrikgespräch - Krankheit und Schweigen». Deutschlandfunk (på tysk). Henta 17. november 2017.
- ↑ «Nachrichten: Sprache im technischen Zeitalter, Heft 217 | LCB - Literarisches Colloquium Berlin». www.lcb.de. Arkivert frå originalen 18. november 2017. Henta 17. november 2017.
- ↑ 19,0 19,1 «"Literature imparts a sense of autonomy and intimacy upon us" - Interview with Paul-Henri Campbell - Age of Artists». www.ageofartists.org (på engelsk). Arkivert frå originalen 14. august 2017. Henta 17. november 2017.
- ↑ Weber, Antje (13. august 2017). «Gesund ist das nicht». sueddeutsche.de (på tysk). ISSN 0174-4917. Henta 17. november 2017.
- ↑ «Themen und Autoren». www.ostra-gehege.de. Arkivert frå originalen 18. november 2017. Henta 17. november 2017.
- ↑ Bamberger Onlinezeitung, Meinen Sie, Zürich zum Beispiel? Oder doch lieber Klagenfurt, Worms, Weinheim, Cadenabbia? Am Ende gar Rom, kulinarisch, Wiehl? Dichter auf Reisen.
- ↑ «Stiftung Hermann Hesse Literaturpreis Karlsruhe, Preisträger seit 1957». www.hermann-hesse-preis.de (på tysk). Henta 27. august 2018.
- ↑ «"Herausragende Werke des literarischen Nachwuchses" - Kunstminister Dr. Ludwig Spaenle gibt Preisträger des "Bayerischen Kunstförderpreises 2017" in der Sparte "Literatur" bekannt». www.km.bayern.de. Henta 7 April 2018.
- ↑ Online, FOCUS. «München: Meldung vom 15.11.2017». FOCUS Online (på tysk). Henta 17. november 2017.
- ↑ Dichtungsring, Computer automated translation versus human translation, 1. Prize winner [daud lenkje] See also in print: Dichtungsring. Vol. 41 2012, 21 de julho, 2012
- ↑ Literarisches Dresden e.V., Webseite
- ↑ Kultur@L_Schoepfer, Linus SchöpferRedaktor (12 April 2013). «"Mit der Magie des Gestirns aufgeladen"». Henta 7 April 2018 – via www.tagesanzeiger.ch.
- ↑ Publik-Forum, Faires Porträt des Papstes, reviewed by Norbert Copray January 11, 2013 p. 58
- ↑ Süddeutsche Zeitung Nr. 281 SZ Extra "Die Redaktion empfiehlt Woche 5. - 11. Dezember" S. 6-7.
- ↑ Apocalypse Now: Reality and Myth in At the End of Days by Paul-Henri Campbell Arkivert 2014-03-08 ved Wayback Machine. Review by Sabina Barreto February 2014
- ↑ Wolfgang Schlott: lyrische Traktate, KUNO , May 2014
- ↑ World Literature Today, Nota Bene, DAS GEDICHT Chapbook. German Poetry Today |"Pegasus & Rosinante presents a selection of German poems and essays translated into English. Emerging and already established writers are revealed in this sleek volume. Inspired by its predecessor of twenty-one years (Das Gedicht), this first English edition showcases a rare and living assortment of voices writing in the German language."
- ↑ «Ausgabe 4 – 07/2017 – DIE WIEDERHOLUNG» (på tysk). Henta 17. juli 2017.
- ↑ «Eichstätt: Lyrischer Lobpreis des Lichts - Eichstätter Gastdozent Ludwig Steinherr präsentiert mit». donaukurier.de (på tysk). Henta 6. april 2018.
- ↑ Verlag Das Wunderhorn. «Lyrik-Taschenkalender 2018 · Verlag Das Wunderhorn». Arkivert frå originalen 18. november 2017. Henta 17. juli 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Paul-Henri Campbell» frå Wikipedia på engelsk, den 1. august 2023.